Me likar nynorsktagging oppi fjellet

Me likar nynorsktagging oppi fjellet

tysdag 1. april 2008

Om framtida mi og nynorsken min

Eg trur eg vil tvinga både Vegard og meg sjølv til å skriva her oftare. Me ser jo kvarandre så sjeldan likevel, så då kan me like så godt oppdatera kvarandre på nett =p

Dei neste vekene er fæle.. Ikkje det at det skal skje så mykje fælt, men det skal skje så mykje og helst skal alt skje samstundes. I helga var eg på landsmøtet til Norsk Målungdom. Fantastisk kjekt! Eg har vorte så glad i alle NMU-folka, og eg har oppdaga at eg ikkje har noko liv utan NMU. Eg lurar seriøst på kva eg gjorde før i tida.. Frå og med 1. juli er eg sentralstyremedlem! Det gjer meg rett og slett hoppande glad, men samstundes litt redd. Eg veit liksom at verda, og eigentleg meg òg, er klar for å starta mitt eige liv, men eg skjønar liksom ikkje heilt det. I blant kjennest det som eg framleis berre er ti år gamal, og korleis skal ein tiåring kunna klara seg sjølv? Det er berre rart.. I fleire månader no så har eg ihuga jakta på ei meir definert framtid. No er framtida meir definert og eg byrjar straks å leite etter noko anna som ikkje er det.

Eg slit litt med nynorsken min. Eg klarar ikkje finna ut av korleis eg eigentleg vil at eg skal
skriva, for eg vil helst at den skal vera meg, og då må han vera tilnærma lik dialekten min. Så kjem det store problemet: eg har jo to dialektar.. Så skal den skriftlege nynorsken min vere lik den dialekten eg nyttar blant flest vener, eller den eg nyttar blant andre vener og heile familien min? Æsj..

- Birgitta

1 kommentar:

Eva Holthe Enoksen sa...

Eg likar allereie bloggen din, nesten som å ha deg her igjen. Kjem til å få Birgitta-abstinensar, det berre kjenner eg. No er eg den einaste utan blogg, eg må kanskje gjera noko med det snart. Uansett, takk for ei super helg, eg gler meg allereie til neste gong.