Me likar nynorsktagging oppi fjellet

Me likar nynorsktagging oppi fjellet

tysdag 20. mai 2008


Katten

Katten sit
i tunet
når du kjem.
Snakk litt med katten.
Det er han som er varast i garden.
- Olav H. Hauge

Eg surrar litt rundt på nettet.. Fann Sara sin blogg i går. Det var kjekt! Og i dag så fann eg Janne sin, og jaggu meg så var eg innom AlexanderKiellandsplass og såg at Sjefen sjølv hadde funne meg. Så kos. Tenk kor langt teknologien har komen at me faktisk kan finna kvarandre på nettet! Hah.. vel..

Eg er rastlaus og det klør i fingrane etter å skriva. Men i staden så må eg lesa til den teite norskeksamenen på torsdag. Men eg er ikkje så redd for den, eigentleg. Vonar eg får ei oppgåve om Ivar Aasen og Knud Knudsen. Då skal eg jaggu meg visa dei kva eg er god for! Jaja.. Eg og Caroline snakka med Vegard i dag.. Sa kva me meinte om alt, og at me no kom til å trekka oss heilt ut av livet hans.. Det er pinade meg noko av det verste eg har vore borti.. Var godt å få sagt det då, og eg vonar han klarar å skjerpa seg.

Lånte Få meg på for faen av Jens ein gong i vår, og i går så byrja eg faktisk på boka! Er i skikkeleg humør for å lesa og skriva for tida. Eg likar det. Det er slik det skal vera. I Kroatia las eg The Bell Jar. Boka er veldig interessant, men eg likar The Catcher in the Rye betre, noko Kristina er heilt ueinig i.


Over er forresten eit bilete av Olav H. Hauge og Bodil Cappelen. Cappelen kom over Hauges diktsamling "På Ørnetuva" i 1970, og skriv kort tid etter dette eit brev til diktaren i Ulvik. Ein månad seinare får ho svar. Dei skriv brev i fire år før det møtest, og eitt år etter flyttar Cappelen inn til Hauge i Hardanger. Eg tykkjer det er ei søt historie :)


Hahaha.. Sjå kva eg oppdaga no: AKP.. AlexanderKiellandsPlass.. Det var ustyrteleg morosamt akkurat no, men så er eg ganske trøytt -.- God natt! :)

måndag 19. mai 2008

"Whereas Holden aims at stability and truth, the adult world cannot survive without suspense and lies"

Eg trur eigentleg eg ser litt morosam ut no. Eg sit inntulla i eit teppe. På overkroppen har eg ein vanleg genser, så den kvite ullmimmihettegenseren min, så den nokså fargerike og veeeldig store ullmimmistrikkejakka med blomar på, godt knytt rundt livet med det turkise skjerfet mitt. På hovudet er hetta på den kvite ullmimmihettegenseren, og på beina er dei lilla strikketøflane eg fekk av Pernille til bursdagen. Eg sit ute på terrassen og skriv på engelskoppgåva mi om The Catcher in the Rye.

Om eg har det fint? Ja, eigentleg. Eg frys litt, men ting er bra. Det var fint i Kroatia. Me bada, bruna oss og las til eksamen. I tillegg fekk eg tid til å skriva mykje. Det gjorde godt, kjente eg. Ein fin måte å fordøya ein hektisk kvardag på. Eg lærte mykje på denne turen. Både om meg sjølv, om livet mitt, og om kva som bør og kan gjerast.

Snakka med Klaus i stad. Han ringte for å gje meg dei vanlege oppdateringane. I tillegg spurte han om han kunne senda kontrakten på husværet mitt til hausten i posten. Eg sa det gjekk greitt. No er det ingen veg tilbake, og det kjens bra.

På torsdag er det fagdag i norsk på hovudmål. Då får me sjå om nynorsken min strekk til blant sensorane. Eg trur eg er meir redd for det enn for sjølve oppgåvene. Eg skal opp og lesa litt til eksamen med Karina etterpå. Det vert kos. Traff ho tilfeldig i byen, og det er eg glad for. Trur eg skal ta med litt eplete opp.

Elles er det litt av kvart å skriva om frå Kroatia, men det orkar eg ikkje akkurat no. I mellomtida kan eg visa dykk dette som eg skreiv fyrste dagen i Podgora. Grunna mangel på nett, vart det skriven ned i Ord:

Kroatia – Podgora

10. mai 2008 – 19.36

Me sit på ein terrasse på rommet vårt og ser sola gå ned. Me er i Kroatia i byen Podgora som ligg i Makarska Rivieraen. Kristina les bok og eg skriv på Sumarstjerne, og så dette då. Me drikk rosévin rett frå flaska. Klokka er 19.41. Me stod opp klokka tre i natt. Rune henta halv fire. Flyet gjekk halv seks. Fekk god frukost på flyet sjølv om me eigentleg hadde avbestilt. Me var i Kroatia halv ni, og tok buss til denne byen. Ein liten landsby med i kring 2000 innbyggjarar. Me har på stranda. Søv i sola gjorde me begge to. Og bada i havet som er krystallklart. Lufta er full av svaler. Dei fyk kaotisk att og fram for å finna mat til ungane sine. Me høyrer bølgjeskvulp, svalekvitter, fuglesong, ein bil som køyrer, ein mann som snakkar. Det er fredeleg og himmelen ser ut som introen til The Simpsons. Me har spist ein megalunsj som me ikkje klarte å eta opp. No byrjar ei ringdue å tuta. Sola er knall gul. Me har det godt.

søndag 4. mai 2008

My Pattian day


OMG! Kristina har vore så løyndomsfull av di ho hadde billettar til Patti Smith i kveld! Det var berre heilt fantastisk. For ei dame! Ho er framleis mi gudinne, og Lenny K er jævleg hot!