Me likar nynorsktagging oppi fjellet

Me likar nynorsktagging oppi fjellet

søndag 14. desember 2008

For me tenner våre lykter når det mørknar..

Kva har skjedd eigentleg? Eg har ikkje oppdatert på fleire veker..

Det er desember, mørk og kald. Eg kjenner det på heile meg. Ei veke igjen på arbeid før eg reiser heim for å arbeida litt der i juleferien. Tek Bror med meg nokre dagar.

Det klør i fingrane mine. Eg treng å skriva, men kvar gong eg får tid til å setja meg ned, så vert det ikkje til noko. Det er heilt blankt. Ikkje eitt ord får eg ned på papiret. I hovudet mitt dansar krokodillar med hundar, og born vert forelska og døyr, men papiret er likevel blankt. Tyst. Det talar ikkje til meg, berre er der. Det stirar.

måndag 20. oktober 2008

Ei helg med futt, men lite krutt ....?

Denne helga har Nina vore her. Laurdag var Maria, Leif Arne, Bror og eg på sopptur. Me fann masse traktkantarell, litt vanleg kantarell, piggsopp og fåresopp. Etter turen dro me til NBG for å reinska soppen og drikka kakao. Seinare dro Nina, Bror og eg til IBG for å eta snop og sjå Cinema Paradiso, men fyrst var me innom Copa Con Oro og tok ei øl.

No er Bror på målferdtur til Stord. Etter å ha fulgt han til toget halv eitt, vandra Nina og eg gatelangs i storbyen. Me prata, lukta, såg og endte med eitt opp på Mamma Mia på Saga kino. Etter filmen gjekk me i slottsparken og tok masse bilete av at me kasta lauv i lufta. '

Vakkert. Haustleg. Eit haustleg leikerom.

Me gjekk til slutt heim til IBG og åt sushi (mest eg som åt av di Nina ikkje tykte om det) og såg på High School Musical 2. Fulgte Nina til bussen litt over ni.

Resten av kvelden nytta eg til å leggja masse musikk inn på telefonen min og sjå på Ronja Røverdotter.

No skal eg heim og leggja meg. Rart å sova åleine. Heldigvis har eg musikken min.

måndag 13. oktober 2008

Lykke er...

... ikkje å koma på arbeid klokka 8 på ein måndag etter ei travel helg, berre av di ein ikkje kom på å sjekka kva tid ein eigentleg byrja før det var forseint, for så å koma og finna ut at ein kunne ha sove ein time lenger av di ein byrja 9. Særskilt er dette irriterande når ein ikkje får noko igjen for det, men likevel må arbeida ut tida, altså til 17.00.

laurdag 4. oktober 2008

Kaffi og dialekt

Det har kome to menn inn i mitt liv...

Ingen av dei er vel eigentleg nye, men dei har fort vorte ein stor del av livet mitt for tida. Den fyrste syng meg gjennom dagane. Folk bør vel ikkje vera overraska no når dette biletet av han kjem:



Den nye plata til Odd Nordstoga, Pilegrim, er ein musikalsk draum. Eg kjenner eg vert reint lukkeleg av å høyra på ho. Særskilt gjeld dette når eg veit at eg for alltid vil få den lukkelege kjensla når eg høyrer ho igjen. Slik er det alltid med plater som eg høyrer mykje på i gode eller dårlege periodar. Kjenslene eg har på den tida, vert lagra i musikken.

Og han andre...?

Bror og eg sit på Copa Con Oro. Han les høgt frå Målføra og nynorsken, og eg høyrer halvt etter.

Kvifor er dialektar verdifulle?

Me arbeidar med dialektkampanjen. Byrjar få ei god oversikt no, men det er framleis mykje å gjera.

Haha! No fann me sida Dialektor. Der var det mykje rart, ja. Eigentleg ei veldig dårleg side, men ho har potensiale. Synd at dei ikkje har klart å blesta ho meir. Då kunne det vorte bra med dialektprøver og anna.

Eg gler meg til mangfaldsseminaret neste helg!!

No må eg stikka og gjera meg klar til fest hjå Erik i kveld! :D

onsdag 24. september 2008

Alle mann hadde fota....

Alle mann hadde fota,
min mann hadde ingen,
tok eg meg bjørkerota
gjorde min mann fota.


Eg kom til å synga på denne songen i dag, og då tenkte eg på Anne Guro, for me sang stadig vekk på denne under sumarleiren (då meiner eg sjølvsagt NMU sin sumarleir).

Min mann dansa fram,
fot i hose hadde han
likso vel som ein annan mann.
Alle mann hadde fota.

Alle mann hadde arma',
min mann hadde ingen,
tok eg meg eit par tarma',
gjorde min mann arma'.


Slik eg ser det kan ein sjå på denne songen på to måtar:

1. Han viser korleis ein alltid kan fiksa ting, ein må berre ha litt fantasi.

Min mann dansa fram,
tarme-arma' hadde han
likso vel som ein annan mann.
Alle mann hadde arma'.


2. Han viser trongen mange menneske ha til å vera perfekte eller ha det perfekte. Hovudpersonen, som eg her vil skriva er ei kvinne, vil at mannen skal vera slik som alle menn, og når han avvikar frå normalen, gjer ho han normal.

Alle mann hadde aua,
min mann hadde ingen,
tok eg meg eit par saua',
gjorde min mann aua.

På ein måte framhevar denne songen livet som ganske enkelt. Og dette er ein barnesong... Eg er skeptisk, men likevel syng eg gladleg med på refrenget:

Min mann dansa fram,
saue-aua hadde han
likso vel som ein annan mann.
Alle mann hadde aua.

onsdag 10. september 2008

"Og eg ønskjer deg bak hav og fjell, at du får sova godt i kveld."

Eg hoppa,
men eg veit framleis ikkje
om eg traff
vatnet..

fredag 29. august 2008

Bærgæn

Haha.........

Eg har vore heime i mindre enn tre timar, men eg er åleine, og eg saknar allereie Oslo og skrivarstova.. Eg er mildt sagt overraska over meg sjølv.

Men eg skal fylla opp dagen min!
No skriv eg Motmæletekstar og så kjem Eirik og så må eg ned på Aura <3 ein tur. Kanskje eg får han med meg på ei øl før han stikk ut med dei nye kule venene sine? Vil på Spesial ein tur, trur eg. Og så skal eg vandra gatelangs i byen min og berre vera, lukta, sjå. Slik eg likar det :)

tysdag 26. august 2008

”Eg er ein som leitar og stundom ein som finn"

Skreiv dette i går kveld, men var utan nett så eg fekk ikkje lagt det ut før no.


Eg ser på det tome arket framfor meg. Dei fyrste orda er allereie formulert i hovudet mitt. No gjelds det berre å skriva dei ned. Å gjera dei faste, konstante. Å gjera dei til setningar som eg kan lesa igjen ein annan gong.

Eg fann ut noko i går. Eg kom heim etter ei fantastisk helg med sentralstyresamling på Koster, og det fyrste eg gjorde var å ringja Kristina. Me gjekk slik eg kan gå med ho, vandra gatelangs utan mål og meining. Berre pusta, vera, sjå og utforska.

Me kom til Nordahl Brunsgate og kasta ein tom snusboks på vindauget til Bror. Fekk han med oss ut. Me vandra vidare og kom til VG-bygget, sette oss og prata litt med avismannen på benken. Mannen som alltid les nytt og alltid teier om det han finn ut. Me las litt på avisoppslaga. Ein av dei handla om ei dame, eg las det ikkje nøye, men eg hengte meg opp i det vesle eg fann ut. Det stod at jakta på den rette ofte kunne gjera folk blinde for mange gode forhold.

Etter å ha sagt god natt til Bror, gjekk meg og Kristina heimover og eg fekk til slutt vridd temaet over på det som ligg meg nærast hjarta for tida. Det slo meg då kor mykje ein går glipp av ved å venta på noko godt.

Korleis kan ein veta at det ein gjer, den ein har funne, osb., er rett? Viss ein sluttar sjå andre moglegheiter, kanskje? Truleg, men viss ein aldri gjer det, tyder det eigentleg at det er feil?

Jakta på det som heile tida kan vera betre, gjer at ein ikkje set pris på det ein har, eller ein er redd for at det skal forsvinna. Eg veit at eg tenkjer sånn, og det gjer meg handlingslamma.

Løysinga?

Ein må taka sjanser. Ein må hoppa, for kva gale kan eigentleg skje? Truleg treff du vatnet, og viss ikkje så klarar du deg likevel. Til slutt.

Men det er vanskeleg. Forferdeleg vanskeleg. Og korleis skal eg gjera det? Korleis gjera det minst mogleg farleg?

Eg veit ikkje.

torsdag 21. august 2008

IKEA og nynorske læremiddel

Klaus og eg var oppe og skrudde på Ikea-møbler til klokka halv to i natt. Så no har eg bokhylle, men tør ikkje setja noko inni av di eg er redd ho då velter.. Litt idiotisk.. Elles så fekk eg Klaus til å springa rundt på Ikea og leita etter seng til meg, medan eg sat heime i sofaen og åt chips.. Ok.. eg hadde vore på ringjert fyrst, difor eg ikkje kunne vera med. Seng fekk eg ikkje, av di det var utsolgt over heile lina. Kanskje neste veke? Æsj.. Glad eg tok ut sengepengane kontant så eg ikkje brukar dei opp til noko anna.

Eg gler meg til å sjå Ulrikke att :)

Elles er det tid for å kjempa for nynorske læremiddel igjen. Janne var i Førde og demonstrerte på Hafstad vidaregåande skule, den gamle skulen til kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell, i går. Sjå link til Firda her:

http://www.firda.no/nyhende/article3731325.ece

Eg har ein løyndom, men den er berre min.. I alle fall litt til.

måndag 18. august 2008

"Ein har alltid råd til sushi!" seier Klaus. Eg likar den måten å tenkja på.

Eg er no aleine heime, trur eg, for ein veit eigentleg aldri om det luskar nokon i andre etasje eller ikkje. Er litt rart. Alle for ut til ulike ting, og eg har eigentleg ingen planar. Tenkte eg skulle byrja å finna meg arbeid i dag då.. Kan byrja leita, men vil ikkje byrja å arbeida endå.. Tenkte i alle fall at eg skulle snika meg ned på skrivarstova og arbeida litt med motmæletekstar og kanskje skriva ut litt CVar. Eg skriv betre der det skjer ting og er folk, enn her heime der det er stille.

Elles les eg meg opp på "røysterett 16"-saka. Sjå link: http://www.nrk.no/nyheter/1.6177248 og diverse andre google-treff.

Eg har kjøpt "Mengele Zoo" av Gert Nygårdshaug! Gler meg til å lesa, men vil verta ferdig med "Timbuktu" av Paul Auster fyrst.

Dette vart jo nesten litt keisamt.. jaja.. det er no det der er :)

Fred ut!

fredag 15. august 2008

Offentlege skjema er blæææh... Eg har stressa no som ein gal for å få alt til, og framleis så er dei ikkje nøgde. No er det registrert ein eller annan plass at mi nye adresse er i Ivan Bjørndalsgate, men eg veit ikkje heilt kvar.

Det er fint her. Eg har ein fridag og sit på nabokafeen Copa con Oro. Dei har fantastisk god espresso :)

Elles lurer eg litt på kva eg skal ta meg til. Fint med ein fridag, men litt rart òg. Var ute og handla litt mat tidlegare og fann ut kor dyrt det eigentleg er med sjampo, dusjsåpe og tannkrem. Elles har eg stort bruk for handkle, men har fått låna eit av Klaus no. Har veldig lyst på sushi og ser at det er middagstid. Problemet er at eg ikkje har råd til sushi.. eller har eg? Kan vel ikkje skada å unna seg litt godt på ein fredag...

måndag 11. august 2008

Uæææææh!

Neida.. eg skrik ikkje, men det er ikkje langt i frå..

I dag har eg vore rundt i heile Bergen.. Ikkje tull eingong.. Eg skal taka dykk med på turen min. Startar då mamma fekk meg opp.

08.45: Eg ligg i senga og kjenner den varme dyna.. Ute regnar det.. høljer.. Eg vil ligga, men mamma kjem inn og seier at "no har eg stått opp eins ærend for deg, så då må du sjå til å koma deg opp òg!" Det var sant det. Ho hadde lova å køyra meg til spesialistsenteret på Straume, Sotra. Eg hadde legetime hjå lungespesialisten min.

09.05: Medan brødet mitt ristar, les eg epost og finn ut at eg skal i eit telefonmøte med mållagsfolk og truleg Bror, i høve læremiddelkampanjen, klokka 13.00. Fint, tenkjer eg og skriv at det truleg går bra.

09.37: Me køyrer heimeifrå i god Lim-stil: sju minutt seinare enn planlagt. Eg ringer Eirik, som har sendt melding, og han spør meg om eg kan henta nøkkelen hans til SiB-hybelen, av di han ikkje rekk det.

09.53: Me er nesten framme, men eg stressar litt av di me har litt dårleg tid. Eg har ikkje vore der før, og mamma har ikkje retningssans, og anar ikkje kvar det er, sjølv om ho var der to veker før.

09.54: Me ser sjukebilen, to sjukebilar, ein politibil og ein buss. Ei ulukke, og det er tydeleg at det har vore personskade. Me køyrer forbi og ser at vindaugo på bussen er knust framme og langs sida. Det ser ut som dei har eksplodert. Det er ikkje nyhende om det på radioen.

10.02: Litt sein til legetime, men det er kø. Kjem fort til. Det viser seg at eg skal ha tredemølletest: eg spring fort i seks minutt medan eg pustar inn luft på -15 grader. Eg klarar fint testen, men tetnar skikkeleg til i ettertid. Til slutt får eg medisin og legen konkluderar med at eg ikkje har vokst av meg astmaen.. D'oh.. No kidding..

11.05: Eg forlet bygget og byrjar leita etter buss, noko som ikkje er lett. Spør til slutt ei dame på eit apotek, og kjem meg inn til byen til pappa. Eg byrjar arbeida litt med ferjekiosken, men innser at eg straks må dra viss eg skal rekka ut til Fantoft og henta nøkkelen før dei stenger der.

13.47: Det ordna seg, men på veg inn til byen igjen ser eg melding frå Jens: "Hei. Kjem du på telefonmøte?" Den var sendt 13.02, og eg forbannar meg sjølv som verkeleg heilt hadde gløymt møtet.

18.27: No sit eg på kontoret til pappa og har ordna ting for ferjekiosken. Nøkkelen er levert til Eirik, som kom i bil til festplassen, og eg har berre pakking å tenka på igjen. Kristina har kjøpt togbillett til 07.58-toget til Oslo onsdag, og eg er trøytt.. Veldig trøytt etter springing og kaving og stressing..

Heldigvis kjem Pernille til meg i morgon :)

Mamma fortalte meg forresten kva det var som hadde skjedd med bussen: ein lastebil hadde køyrt ved sidan av bussen i det eit vindkast blåste lasta av og inn i sida på bussen. To personar vart skada. Ho sa òg kva tid bussen gjekk frå busstasjonen, og me innsåg at det var den bussen eg ville ha teke viss ho ikkje hadde køyrt meg.

torsdag 7. august 2008

Med FeelGood ved vasskanten sit ei jente og pustar ut


Eg trudde eg skulle få vera i ro hjå farmor og farfar, men slik vart det ikkje. Pappa si halvsyster dukka opp med barn og barnebarn, og det vart litt av eit leven. Eg var pessimistisk til å byrja med. Dei maste og styrte sånn at eg vart heilt dårleg. Fyrste dagen enda med at eg sneik meg ned til vatnet for å trøysteeta "franske friterte" og drikka FeelGood.

(FeelGood er ein fantastisk god brus laga av berre rein fruktjus og kolsyre! Den må prøvast!)

Erlend-Brat-noko-frå-norske-talenter-seier-du?
MEN det gjekk betre, og heile turen har vore fin. Slektningane mine var greie dei. Me har ledd og kost oss, og eg har skjønt at eg bør finna meir ut om Erlend Bratland. Barnebarnet til halvtanta mi (halvtoogeinhalvmeningen min, som Vegard og David ville sagt) er ei søt 11 år gamal jente, som er klar for å gifta seg med Erlend "Norske Talent" Bratland. Hadde ho berre turt å spør han. Han er nemleg på ferie her på Husnes, og me har sett han tre gonger. Eg skjøna fort at eg var dum som berre så vitt hadde høyrt namnet hans..

Tanta mi tok bilete av han ho. Spurte han fint og han var grei han. Uheldigvis så gjorde det at toogeinhalvmeningen min sprang og gøymte seg.

I am lost, seier eg til dette og er glad for YouTube...

måndag 4. august 2008

Fri, Oddvar Torsheim og sjokoladepudding med rismjølk:
Det er fyrste fridagen min i dag. Totalt har eg fire no. Og eg gjer ingenting. Eller, eg gjer jo det. Eg skriv her, og har det eigentleg ganske fint. Ingen planar anna enn at eg skal treffa Karina i seks-tida. Eg burde sikkert ha pakka litt, men eg har ingenting å pakka i akkurat no.

Eg ser heller på programmet til Bergen Kino, det er jo ein fin ting å gjera med Karina. Kanskje eg får ho med på ein halvliter etter på òg. Det hadde vore kos :)

Eg høyrer på Oddvar Torsheim - Tur-Retur Blues. Rødbrus, kaviar og litt sumaragurk. <3 Treng eg seia meir?

Eg laga sjokoladepudding i går! Med vaniljesaus! Dei hadde det til dessert på jobben i går, og fekk heilt sjokoladepuddingmani. Stakk bort på nærbutikken og handla etter jobb. Puddingen vart god den, men eg nytta rismjølk i staden for soyamjølk, og det gjekk så som så. Eg trur det er noko i rismjølka som motverkar stiving, for uansett kor mykje eg hadde i, så var puddingen mest flytande. Same gjaldt vaniljesausen, som vart veldig vassen. Men alt var godt då!


På ferja, på veg heim frå Stavanger i forrige veke. Eg likar å reisa slik åleine. Er roleg og så lite kavete.

Handling, kortbukse og St. Paul sitt gamle tuntre:
Eg var ute og handla med Nina for nokre dagar siden. Det var faktisk kjekt, så lenge me heldt oss borte frå dei verste butikkane. Eg veit ikkje om de kjenner den kjensla av at nokre butikkar held deg under oppsyn. I blant får eg den kjensla.. Så snart eg går innanfor døra, går alarmen i butikken, og den skrik ut: du passar ikkje inn her! du passar ikkje inn her! Det er då det gjeld å koma seg ut så fort som råd er, viss ikkje vert ein fanga der inne.

Me hamna i nokre sånne butikkar, men me handla raskt og kom oss heile ut igjen, om enn litt tungpusta.

Me var på jakt etter pyjamasbukser. Det var Nina som ville ha det, så eg var med og leita, men me fann ikkje. Det eg derimot fant var ei kortbukse til 49 kroner. Nøgd med den, så eg tenkte eg skulle taka eit bilete. Her er meg iført kortbuksa og ei nynorsk-t-skjorte. Eg ligg i senga med beina oppetter veggen. Ein ser òg korset mitt som heng over senga. Eg fekk det av læraren min til konfirmasjonen. Det er laga av det gamle tuntreet til St. Paul.


Rommet mitt:
Og med det same eg var i gong, så tok eg eit bilete av veggen over senga mi, ved vindauget, det er jo trass alt ikkje så mange dagar klovnane mine får henga slik no. Mamma gler seg som ein unge til å laga gjesterom av rommet mitt. Er fint det. Ved sida av klovnane heng teikninga Nina og eg brukte seks månader på å laga i 10. klasse. Me konsentrerte oss faktisk bra i dei timane, medan me teikna og fargela. Eg er glad for resultatet. Under der igjen heng to teikningar Martin laga til meg. Hesten fekk eg til 17-årsdagen, og det andre er ein blome i eit hjarta av greiner, som eg fekk til valentinsdagen.

Eg skal innrømma her og no at eg saknar Martin. Mange av dei andre òg, men eg saknar Martin og meg frå 1. klasse.


No har det jaggu meg kome med nokre bilete òg! Tykkjer vloggen min kjem seg, eg :)

Eg var forresten på Aura med Lars på laurdag. Det var veldig kjekt. Kjem til å sakne Lars masse når eg flyttar. Han er ein bra fyr :)

Slo meg at eg må seia farvel til Aura snart. Eg må finna ein sånn kafé i Oslo, men kvar? Eg overlever ikkje utan, i alle fall, vekentleg soyamjølkkaffi.

Dette vart langt, men eg vil ikkje slutta før eg har fått med eposten som Jens sendte til LST-lista:

"2. august: Trygve Langlo skriv i Sunnmørsposten (eller sumpen): Verdt å legge merke til er det også at ein framstøyt frå Norsk Målungdom ser ut til å få eit positivt utfall. Målungdommen har sett seg lei på at utanlandske filmar utan unntak blir teksta på bokmål ved omsetjing til norsk. No har Eufora Film kome med lovnad om nynorsk omsetjing på den brasilianske Gullbjørnvinnaren Tropa de Elite. Håpet er å i aukande grad gjere nynorsk til eit bruksspråk på filmlerretet.

http://www.smp.no/article/20080802/MENINGER04/310497391

3. august: Norsk Målungdom fyller 47 år!

4. august: Vi når 1000 teljande, betalande medlemer! Godt jobba folkens, og verv gjerne fleire!

5. august: Ivar Aasen fyller 195 år! "

NYNORSK JA! NYNORSK JA! NYNORSKTEKSTING VIL ME HA! (eit av ropa våre under kinoaksjonen)

søndag 3. august 2008

Dei magnetiske felta = glad birgitta

Eg vil berre legga til at eg er i eit utruleg godt humør i dag!

Og berre for å toppa det heile, så har eg lagt ut teksten til den songen eg syng mest på for tida:

You love to fail - The Magnetic Fields

Maybe tomorrow I'll see love in your eyes and mine will dry
Maybe tomorrow we can learn how to fly on these nasty little wings

And I wanna take you out but you always refuse
'cause you only play the games that you know you can lose
You love to fail, that's all you love.

We don't know why you've been gone
Somebody said you're on the run
You're living where wild horses run
Well, hey, whatever turns you on.

And I wanna take you out but you always refuse
'cause you only play the games that you know you can lose
You love to fail, that's all you love.

I'll be your confidante
Come and go as you please
I'll honor and protect my Wagner in dungarees.

And I wanna take you out but you always refuse
'cause you only play the games that you know you can lose
You love to fail, that's all you love. (x 2)

Kort oppdatering av di eg har fått eit litt anstrengt forhold til datamaskina:

I det siste har det vore mykje arbeid og lite tid til alt anna.. Men det har eigentleg vore bra det, for alle er jo anten på ferie eller flytta. I forrige veke var eg tre dagar hjå Eva i Stavanger. Solgte mykje is for Øystein Isrosa på gladmat-festivalen i lag med Eva, Anne Guro, Eirik og Øystein sjølv.

13. august er den magiske datoen. Då flyttar eg til Oslo. Hah.. eg er spent på om eg finn fram til leilegheita aleine, eg.. Tvilar litt, men er ikkje så veldig bekymra.. Det ordnar seg nok :)

Har vore mykje med mamma i det siste, og det har vore fint. Me har vore på Krokeide og bada.

Elsk til osloburarane som eg saknar masse! Særskilt Kristina.. Er rart å vera her i Bergen utan ho.. I fjor var det ho som drog meg ut på ting, då eg var sliten og ikkje ville noko etter jobb. Heldigvis er Nina komen heim igjen no, og meg, ho og Benjamin var på kino i forgårs. Me såg Batman - The Dark Knight. Fantastisk bra film!

Skal til farmor og farfar på tysdag, og i morgon skal eg vera med Karina.

Fred ut.

måndag 14. juli 2008

Dagens nynorske høgdepunkt:

Eg såg ein nynorsk buss i dag! Den reklamerte for Hauge-Tveitt-jubileet og hadde eit stort bilete av Olav H. Hauge på eine sida. På bussen stod òg eit sitat av Hauge:

"Men det gjeng an å leva i kvardagen òg."

Det redda ein litt dårleg dag.

søndag 13. juli 2008

Lenge sidan eg har vore innpå no. Har ikkje vore heilt med vilje, men eg har litt fobi mot datamaskina for tida. Eg kom meg trygt heim frå Vest-Sahara og no ligg eg i senga mi i Bergen etter ein veldig kjekk sumarleir med masse kjekke nynorskingar. Eg er no sentralstyremedlem i NMU, noko eg tykkjer er både spanande og skummelt. Eg ventar å vakna opp kvar augneblink og oppdaga at eg framleis går i tiande klasse på St. Paul.

Eg har fått ny mobiltelefon, men nummeret er det same. Telefonen er nesten litt for komplisert for meg, men eg likar bileta den tar. Eg har valt ut tre av bileta eg tok under sumarleiren i vakre Aurland.
Her er Tone, Janne, Klaus og Odin på veg ut på stupebrettet, eit utkikkspunkt frå eit fjell i Aurland. Alle fire er fantastiske menneske som eg har vorte endå betre kjent med i laupet av leiren. Tone skal bu ikkje så langt frå Kristina og Gaute, og Janne bur rett bortanfor der eg skal bu med, mellom anna, Klaus og Odin. Eg gler meg masse! Dei er to flotte karar som eg har vorte veldig glad i.

Alt i alt så er NMU ein organisasjon fylt med masse fine menneske, og eg ser fram til å sjå meir til dei dei neste åra. Eg trur det vert veldig bra.

Under er utsikta frå stupebrettet og ned mot Aurland.

Eg har forresten songen om Bror, "Joggedress med press", frå melodikappleiken surrande rundt i hovudet mitt. Bror er ein flott fyr med mykje rart for seg.

Under er skuggen til Odin, meg, Janne og Eirik.

onsdag 18. juni 2008

Litt ny info...

... og sidan det allereie ligg paa nett, saa tenkjer eg at det ikkje er saa farleg aa visa det her:

http://www.bt.no/utenriks/article585011.ece

tysdag 17. juni 2008

Ei lita oppdatering...

... var det kanskje paa tide med. Men ja.. Kan ikkje skriva meir akkurat no enn at eg har det fint og ting er saerdeles spanande. Eg vonar det vert hove til aa fortelja meir om det ein gong. Me faar heller preikast eller skrivast seinare.

Fred og kjaerleik,

Birgitta

tysdag 3. juni 2008

No er eg hjå farmor og farfar på Husnes. Ute er det overskya, men 28 gradar. Det er mest uverkeleg. Eg skal vera her til i morgon. Farmor er i godlage. Ho lagar seibiff med lauk til middag i dag. Steiker og styrer på. Det er godt å sjå at ho smiler igjen. Men eg har eit dilemma då.. Eg føler eg må hjelpa ho så mykje som mogleg.. eg er jo gjest, liksom.. Men samstundes så er det jo bra for ho å gjera så mykje som mogleg sjølv. Det endar for det meste opp med at eg er teit og hjelper litt, men ikkje mykje, og brukar resten av tida på dårleg samvit. jaja.. Eg skal ut og gå tur etterpå! Tenkte å gå søralløypa og avslutta med å hoppa i sjøen ved båthamna. Eg likar å vera her med dei.. i alle fall no når stemninga er så fin som no. Eg får mykje tid for meg sjølv, samstundes som eg veit at dei likar å ha meg her.. Men dei krev ingenting anna av meg enn at eg et med dei og pratar med dei i blant. Eg er glad i dei. No stod farmor bak meg og lurte på kva eg gjorde.

Eg har kjøpt økologiskfairtradekakaopulver i dag! Berre måtte.. glaset var så kult..

Og så har eg kjøpt seks bøker:

Cormac McCarthy - Et Guds barn
Mario Vargas Llosa - Dommedagskrigen
Max Frisch - Homo Faber - en beretning
Arthur Koestler - Mørke midt på dagen
Thomas Espedal - Dagbok
Sigrun Slapgard - Krigens penn - ein biografi om Lise Lindbæk

Sistnevnte kjøpte eg av fire grunnar:

1. Det er ein biografi om ei beintøff kvinne (litt feministgrunn.. men samstundes.. ho var verkelg beintøff! Ho var journalist, krigskorrespondent, snakka sju språk, rapporterte direkte frå frontlina under den spanske borgerkrigen, vart kjent med fascismen på nært hald og var ein nyttig ven for Nordahl Grieg og Ernest Hemningway.)

2. Det handlar om krigen (ja.. krig er spanande og interessant.. mykje som kan lærast av krig.)

3. Boka har fått gode kritikkar (ja, eg ser faktisk litt på det.)

4. ... og ikkje minst det som kanskje er viktigast for min del: boka er skriven på nynorsk! (Om ikkje du har fått det med deg, så er nynorsk bra.)

No skin sola! ... og temperaturen stig til 30 o.O (?)

Elles er det forresten streik og skulen min er stengt.. og følgande melding står på itslørning:

Muntlig eksamen
Opplæringsdirektøren kom i dag med følgende presisering noe som fører til at muntlig eksamen våren 2008 blir avlyst på BK :
Opplæringsdirektøren presiserer at lokalgitt eksamen skal avvikles iht de retningslinjer som er nedfelt i dokumentet Retningslinjer for lokalt gitt eksamen ved vidaregåande skolar i Hordaland.
Gjennomgående gjelder at faglærer og sensor får melding senest to uker før eksamen.
Denne meldingen skal gis formelt til sensor ved overlevering av det skriftlige oppnevningsbrevet. Faglærer skal få orientering på egen skole. Dersom faglærer er i streik kan orienteringen ikke gjennomføres.
Dersom disse formalkravene ikke kan oppfylles, skal den aktuelle eksamen utgå/avlyses.


Det tyder: SUMARFERIE!!!!!!

tysdag 20. mai 2008


Katten

Katten sit
i tunet
når du kjem.
Snakk litt med katten.
Det er han som er varast i garden.
- Olav H. Hauge

Eg surrar litt rundt på nettet.. Fann Sara sin blogg i går. Det var kjekt! Og i dag så fann eg Janne sin, og jaggu meg så var eg innom AlexanderKiellandsplass og såg at Sjefen sjølv hadde funne meg. Så kos. Tenk kor langt teknologien har komen at me faktisk kan finna kvarandre på nettet! Hah.. vel..

Eg er rastlaus og det klør i fingrane etter å skriva. Men i staden så må eg lesa til den teite norskeksamenen på torsdag. Men eg er ikkje så redd for den, eigentleg. Vonar eg får ei oppgåve om Ivar Aasen og Knud Knudsen. Då skal eg jaggu meg visa dei kva eg er god for! Jaja.. Eg og Caroline snakka med Vegard i dag.. Sa kva me meinte om alt, og at me no kom til å trekka oss heilt ut av livet hans.. Det er pinade meg noko av det verste eg har vore borti.. Var godt å få sagt det då, og eg vonar han klarar å skjerpa seg.

Lånte Få meg på for faen av Jens ein gong i vår, og i går så byrja eg faktisk på boka! Er i skikkeleg humør for å lesa og skriva for tida. Eg likar det. Det er slik det skal vera. I Kroatia las eg The Bell Jar. Boka er veldig interessant, men eg likar The Catcher in the Rye betre, noko Kristina er heilt ueinig i.


Over er forresten eit bilete av Olav H. Hauge og Bodil Cappelen. Cappelen kom over Hauges diktsamling "På Ørnetuva" i 1970, og skriv kort tid etter dette eit brev til diktaren i Ulvik. Ein månad seinare får ho svar. Dei skriv brev i fire år før det møtest, og eitt år etter flyttar Cappelen inn til Hauge i Hardanger. Eg tykkjer det er ei søt historie :)


Hahaha.. Sjå kva eg oppdaga no: AKP.. AlexanderKiellandsPlass.. Det var ustyrteleg morosamt akkurat no, men så er eg ganske trøytt -.- God natt! :)

måndag 19. mai 2008

"Whereas Holden aims at stability and truth, the adult world cannot survive without suspense and lies"

Eg trur eigentleg eg ser litt morosam ut no. Eg sit inntulla i eit teppe. På overkroppen har eg ein vanleg genser, så den kvite ullmimmihettegenseren min, så den nokså fargerike og veeeldig store ullmimmistrikkejakka med blomar på, godt knytt rundt livet med det turkise skjerfet mitt. På hovudet er hetta på den kvite ullmimmihettegenseren, og på beina er dei lilla strikketøflane eg fekk av Pernille til bursdagen. Eg sit ute på terrassen og skriv på engelskoppgåva mi om The Catcher in the Rye.

Om eg har det fint? Ja, eigentleg. Eg frys litt, men ting er bra. Det var fint i Kroatia. Me bada, bruna oss og las til eksamen. I tillegg fekk eg tid til å skriva mykje. Det gjorde godt, kjente eg. Ein fin måte å fordøya ein hektisk kvardag på. Eg lærte mykje på denne turen. Både om meg sjølv, om livet mitt, og om kva som bør og kan gjerast.

Snakka med Klaus i stad. Han ringte for å gje meg dei vanlege oppdateringane. I tillegg spurte han om han kunne senda kontrakten på husværet mitt til hausten i posten. Eg sa det gjekk greitt. No er det ingen veg tilbake, og det kjens bra.

På torsdag er det fagdag i norsk på hovudmål. Då får me sjå om nynorsken min strekk til blant sensorane. Eg trur eg er meir redd for det enn for sjølve oppgåvene. Eg skal opp og lesa litt til eksamen med Karina etterpå. Det vert kos. Traff ho tilfeldig i byen, og det er eg glad for. Trur eg skal ta med litt eplete opp.

Elles er det litt av kvart å skriva om frå Kroatia, men det orkar eg ikkje akkurat no. I mellomtida kan eg visa dykk dette som eg skreiv fyrste dagen i Podgora. Grunna mangel på nett, vart det skriven ned i Ord:

Kroatia – Podgora

10. mai 2008 – 19.36

Me sit på ein terrasse på rommet vårt og ser sola gå ned. Me er i Kroatia i byen Podgora som ligg i Makarska Rivieraen. Kristina les bok og eg skriv på Sumarstjerne, og så dette då. Me drikk rosévin rett frå flaska. Klokka er 19.41. Me stod opp klokka tre i natt. Rune henta halv fire. Flyet gjekk halv seks. Fekk god frukost på flyet sjølv om me eigentleg hadde avbestilt. Me var i Kroatia halv ni, og tok buss til denne byen. Ein liten landsby med i kring 2000 innbyggjarar. Me har på stranda. Søv i sola gjorde me begge to. Og bada i havet som er krystallklart. Lufta er full av svaler. Dei fyk kaotisk att og fram for å finna mat til ungane sine. Me høyrer bølgjeskvulp, svalekvitter, fuglesong, ein bil som køyrer, ein mann som snakkar. Det er fredeleg og himmelen ser ut som introen til The Simpsons. Me har spist ein megalunsj som me ikkje klarte å eta opp. No byrjar ei ringdue å tuta. Sola er knall gul. Me har det godt.

søndag 4. mai 2008

My Pattian day


OMG! Kristina har vore så løyndomsfull av di ho hadde billettar til Patti Smith i kveld! Det var berre heilt fantastisk. For ei dame! Ho er framleis mi gudinne, og Lenny K er jævleg hot!

onsdag 30. april 2008

Eg saknar den vesle guten...

No har eg ikkje sett han på lenge.. Ikkje veit eg om eg nokon gong får sjå han igjen heller. Vesle guten var solstråla mi. Han gjorde vekene kortare og helgene travle, men ikkje på ein dum måte. Det heile kan minna om ei stygg skilsmissesak med krangel om barneomsorg. Diverre takla ikkje mor hans at han vart glad i oss òg, og ho avslutta difor avtalen me hadde. Me var avlastingsheim for han og han var hjå oss annankvar helg.

Han fekk meg til å innsjå ein del ting og ein del sider ved meg sjølv som eg ikkje hadde sett før. Eg oppdaga korleis det var å ofre tida si for eit menneske som er avhengig av deg, men utan å kjenne det som ofring.. Det var ei gjensidig gåve. Han gav meg sitt gode humør og eg gav han omsorg. Det høyrest jo heilt.. ja ut.. men det var verkeleg sånn. Eg har alltid tenkt at eg ikkje vil egna meg som mor av di eg har vore barnevakt sidan eg var 11 år, og sjølv om eg alltid har vore glad i barn, så har eg tenkt at det har vore litt keisamt. Slik var det ikkje med han. Var aldri keisamt med han. Han er den snillaste og beste ungen eg nokon gong har møtt. Ein unge ein ikkje kan få nok av.. Du anar ikkje kor mange gonger eg har hatt lyst til å gå i barnehagen hans berre for å sjå han igjen.. Men eg gjer det ikkje. Det er ikkje mi sak lenger, så då bør eg berre gløyma han. Det er det mor hans vil, og det er tross alt ho som avgjer kva som er rett og galt for han.

Eg ser på jobbar i barnehagar i Oslo...

1880

No sit eg på det populære ungdomshuset 1880 saman med Kristina. Det ligg ved sida av politistasjonen, viss nokon skulle lura på det. Eg skal eigentleg skriva på EU-oppgåva mi som no er på heile fem liner! Ja.. det vert nok bra... :)

Eg har lyst til å skriva litt om Eva, sidan eg veit at ho vil lesa dette. Eva møtte eg fyrste gong på vinterleiren til NMU i januar. Det var det. Etter det var ho berre inne. Ho er ei fantastisk snill, positiv og reflektert jente som eg verkeleg har vorte glad i på veldig kort tid. Under landsmøtet i helga var det Eva som tok seg av meg :p Me har snakka masse om laust og fast og om NMU sjølvsagt, som eg vil seia ligg i ein eigen kategori. Eg har forresten store planar om å skriva ei novellesamling, eller kanskje ein heil roman, om språkstriden, med fokus på NMU og Noregs Mållag. Trur det kan verta fantastisk bra! :p

Elles må eg seia at eg saknar folk og fe i Stavanger og NMU. Kvardagen min er trist, grå og våt, særskilt sidan det høljar ned og eg nektar å ta på meg regnjakke. Men til helga er det jobbing, og det er faktisk kjekt. Og helga etter der igjen så er eg og Kristina på veg til Kroatia :D

Som det usunne mennesket eg er skal eg no tinga pommes frites :D

Eg tykkjer eg er superflink som faktisk skriv på bloggen for tida! Dette har eg så utruleg godt av.

tysdag 29. april 2008

Quo vadis, domine?

I helga var det landsmøte i Noregs Mållag, og her var det normeringsdebatten som var det store og heite, men eg trur ikkje eg vil gå i meir nøyaktige detaljar der akkurat no.

Eg sit heime og prøver å gjera historie. Skriv ei oppgåve om EU og Noreg. Det går ikkje så bra.

Her er eit bilete ein ven viste meg.. SKEPTISK!


Elles så skjer det ikkje noko særleg for tida.. Eg gler meg til sol, varme og ferie. Det dumme er berre at eg oppdaga at det er gjort ein feil på jobben.. Må arbeida der ut august. Strek i rekninga, men det går vel.. Eg får pendla til og frå Oslo dei siste vekene. Sikkert like greitt eigentleg, så kan eg fordela flyttelasset litt.

Eg har forresten fått eit knallgodt tilbod om bustad til hausten.. Trur eg skal takka ja. Veit jo ikkje kva tid eg får ein sånn sjanse igjen :)

Eg trur Kristina held på med noko rart for tida..

tysdag 22. april 2008

Haha.. Eg hadde ein rar draum i natt.. Om personar som eg ikkje vil nemne namn på her, men som sikkert kan tolkast av dei som kjenner meg veeeelig godt :p

Ein person gjekk igjen i heile draumen. Ein ven som eg ikkje veit om eg kan kalla god, eller ven i det heile, av di eg aldri veit kvar eg har han. Eg trur me var på eit NMU-arrangement, påverka av landsstyremøtet i helga, og der var han plutseleg kjærast med ei i klassen min, som forøvrig heiter det same som ei diktsamling av Ivar Aasen, eit nydeleg namn. Det var fantastisk rart og veldig... upassande.. Eg veit ikkje heilt kva eg reagerte mest på.. om det var det at han var i lag med nokon? Nei, truleg det at det var ho. To heilt ulike verder kolliderte og skapte ei kjensle som endå heng igjen i meg.. Eg snakka med han i draumen min.. merka at eg var krass då eg spurte om han hadde hatt det fint med ho den dagen. Han hadde nemleg ikkje vore med på møta, men snike seg vekk med ho. Han sa han hadde hatt det fint, men verka han lukkeleg? Han sa òg at han trudde eg ville lika ho, men eg svarte, som sant var, at jo, truleg, men til no hadde eg berre småprata med ho. Me har ingenting til felles og vankar i to heilt ulike miljø.

Sånn var det..

onsdag 9. april 2008

3 - 2 - 1 - ... 0?

Eg får ikkje puste. Heile tilværet mitt er klaustrofobisk. Eg kjenner meg malplassert og særdeles utilpass, og eg vil berre vekk herfrå.

Mor mi har bursdag i dag, men eg har ikkje sett ho. Ho har vore oppteken, og eg har gøymt meg. Eg orkar det berre ikkje lenger. Eg er glad i ho, men no er det berre ein del punkt som ikkje fungerer lenger. Men eg kan jo ikkje unngå ho for alltid. Eg har vore flink og pliktoppfyllande dotter og kjøpt ei gåve til ho. Den ligg på senga hennar, men eg vonar ho ikkje takkar meg. Eg veit ikkje kva eg skal gjere viss ho takkar meg. Gåva er ikkje kjøpt med kjærleik, for å seie det sånn. Den er kjøpt av di eg liksom måtte finne på noko. Ho har jo bursdag og då gjer ein jo liksom sånt. Det er ei pliktoppfyllande gåve ho får i år.

No har eg lagt meg. Eg ville ikkje vere meir i stova av frykt for at ho skulle kome heim, og så måtte eg ha leika at eg var glad og alt sånt. Så no ligg eg her og vonar eg søv før ho tar i dørklinka. Det skal jo ikkje vere sånn..

Det kan ikkje vere sånn..

Og så noko litt morosamt oppi det heile: "Soga om Kark" spinn dritfort gjennom hovudet mitt. Lukke til med å synge i dette tempoet.

måndag 7. april 2008

Smågal og litt sånt..

Jaja.. No sit eg og analyserer dialektar. Her er det både apokope, eller appokope, som lærerinna mi seier, og diftong, nektingsadverbial og personlege pronomen som gjeld. Det er kjekt, men litt vanskeleg. Det er lett å sei kva landsdel dialekten er i frå, og gjerne òg kva område, men det er ikkje lett å sei nøyaktig kva by, som er ein del av krava til oppgåva. Eg er eigentleg ikkje komen så veldig langt. Snakka lenge med Klaus tidlegare og han hjelpte meg litt.

Å hjelpa er eit ord eg slit med -.- heilt idiotisk.. I følgje Eirik skal det skrivast sånn:

å hjelpa hjelper hjelpte har hjelpt. Så veit eg det, og no bør eg kunne det. Takk til han.

6. mai vert det nynorskkurs og det vert i tillegg kanonbra! :D

Nei.. æsj.. dette vart lite konstruktivt.. Eg trur eg berre seier god natt.

tysdag 1. april 2008

Om framtida mi og nynorsken min

Eg trur eg vil tvinga både Vegard og meg sjølv til å skriva her oftare. Me ser jo kvarandre så sjeldan likevel, så då kan me like så godt oppdatera kvarandre på nett =p

Dei neste vekene er fæle.. Ikkje det at det skal skje så mykje fælt, men det skal skje så mykje og helst skal alt skje samstundes. I helga var eg på landsmøtet til Norsk Målungdom. Fantastisk kjekt! Eg har vorte så glad i alle NMU-folka, og eg har oppdaga at eg ikkje har noko liv utan NMU. Eg lurar seriøst på kva eg gjorde før i tida.. Frå og med 1. juli er eg sentralstyremedlem! Det gjer meg rett og slett hoppande glad, men samstundes litt redd. Eg veit liksom at verda, og eigentleg meg òg, er klar for å starta mitt eige liv, men eg skjønar liksom ikkje heilt det. I blant kjennest det som eg framleis berre er ti år gamal, og korleis skal ein tiåring kunna klara seg sjølv? Det er berre rart.. I fleire månader no så har eg ihuga jakta på ei meir definert framtid. No er framtida meir definert og eg byrjar straks å leite etter noko anna som ikkje er det.

Eg slit litt med nynorsken min. Eg klarar ikkje finna ut av korleis eg eigentleg vil at eg skal
skriva, for eg vil helst at den skal vera meg, og då må han vera tilnærma lik dialekten min. Så kjem det store problemet: eg har jo to dialektar.. Så skal den skriftlege nynorsken min vere lik den dialekten eg nyttar blant flest vener, eller den eg nyttar blant andre vener og heile familien min? Æsj..

- Birgitta