Me likar nynorsktagging oppi fjellet

Me likar nynorsktagging oppi fjellet

onsdag 30. april 2008

Eg saknar den vesle guten...

No har eg ikkje sett han på lenge.. Ikkje veit eg om eg nokon gong får sjå han igjen heller. Vesle guten var solstråla mi. Han gjorde vekene kortare og helgene travle, men ikkje på ein dum måte. Det heile kan minna om ei stygg skilsmissesak med krangel om barneomsorg. Diverre takla ikkje mor hans at han vart glad i oss òg, og ho avslutta difor avtalen me hadde. Me var avlastingsheim for han og han var hjå oss annankvar helg.

Han fekk meg til å innsjå ein del ting og ein del sider ved meg sjølv som eg ikkje hadde sett før. Eg oppdaga korleis det var å ofre tida si for eit menneske som er avhengig av deg, men utan å kjenne det som ofring.. Det var ei gjensidig gåve. Han gav meg sitt gode humør og eg gav han omsorg. Det høyrest jo heilt.. ja ut.. men det var verkeleg sånn. Eg har alltid tenkt at eg ikkje vil egna meg som mor av di eg har vore barnevakt sidan eg var 11 år, og sjølv om eg alltid har vore glad i barn, så har eg tenkt at det har vore litt keisamt. Slik var det ikkje med han. Var aldri keisamt med han. Han er den snillaste og beste ungen eg nokon gong har møtt. Ein unge ein ikkje kan få nok av.. Du anar ikkje kor mange gonger eg har hatt lyst til å gå i barnehagen hans berre for å sjå han igjen.. Men eg gjer det ikkje. Det er ikkje mi sak lenger, så då bør eg berre gløyma han. Det er det mor hans vil, og det er tross alt ho som avgjer kva som er rett og galt for han.

Eg ser på jobbar i barnehagar i Oslo...

1880

No sit eg på det populære ungdomshuset 1880 saman med Kristina. Det ligg ved sida av politistasjonen, viss nokon skulle lura på det. Eg skal eigentleg skriva på EU-oppgåva mi som no er på heile fem liner! Ja.. det vert nok bra... :)

Eg har lyst til å skriva litt om Eva, sidan eg veit at ho vil lesa dette. Eva møtte eg fyrste gong på vinterleiren til NMU i januar. Det var det. Etter det var ho berre inne. Ho er ei fantastisk snill, positiv og reflektert jente som eg verkeleg har vorte glad i på veldig kort tid. Under landsmøtet i helga var det Eva som tok seg av meg :p Me har snakka masse om laust og fast og om NMU sjølvsagt, som eg vil seia ligg i ein eigen kategori. Eg har forresten store planar om å skriva ei novellesamling, eller kanskje ein heil roman, om språkstriden, med fokus på NMU og Noregs Mållag. Trur det kan verta fantastisk bra! :p

Elles må eg seia at eg saknar folk og fe i Stavanger og NMU. Kvardagen min er trist, grå og våt, særskilt sidan det høljar ned og eg nektar å ta på meg regnjakke. Men til helga er det jobbing, og det er faktisk kjekt. Og helga etter der igjen så er eg og Kristina på veg til Kroatia :D

Som det usunne mennesket eg er skal eg no tinga pommes frites :D

Eg tykkjer eg er superflink som faktisk skriv på bloggen for tida! Dette har eg så utruleg godt av.

tysdag 29. april 2008

Quo vadis, domine?

I helga var det landsmøte i Noregs Mållag, og her var det normeringsdebatten som var det store og heite, men eg trur ikkje eg vil gå i meir nøyaktige detaljar der akkurat no.

Eg sit heime og prøver å gjera historie. Skriv ei oppgåve om EU og Noreg. Det går ikkje så bra.

Her er eit bilete ein ven viste meg.. SKEPTISK!


Elles så skjer det ikkje noko særleg for tida.. Eg gler meg til sol, varme og ferie. Det dumme er berre at eg oppdaga at det er gjort ein feil på jobben.. Må arbeida der ut august. Strek i rekninga, men det går vel.. Eg får pendla til og frå Oslo dei siste vekene. Sikkert like greitt eigentleg, så kan eg fordela flyttelasset litt.

Eg har forresten fått eit knallgodt tilbod om bustad til hausten.. Trur eg skal takka ja. Veit jo ikkje kva tid eg får ein sånn sjanse igjen :)

Eg trur Kristina held på med noko rart for tida..

tysdag 22. april 2008

Haha.. Eg hadde ein rar draum i natt.. Om personar som eg ikkje vil nemne namn på her, men som sikkert kan tolkast av dei som kjenner meg veeeelig godt :p

Ein person gjekk igjen i heile draumen. Ein ven som eg ikkje veit om eg kan kalla god, eller ven i det heile, av di eg aldri veit kvar eg har han. Eg trur me var på eit NMU-arrangement, påverka av landsstyremøtet i helga, og der var han plutseleg kjærast med ei i klassen min, som forøvrig heiter det same som ei diktsamling av Ivar Aasen, eit nydeleg namn. Det var fantastisk rart og veldig... upassande.. Eg veit ikkje heilt kva eg reagerte mest på.. om det var det at han var i lag med nokon? Nei, truleg det at det var ho. To heilt ulike verder kolliderte og skapte ei kjensle som endå heng igjen i meg.. Eg snakka med han i draumen min.. merka at eg var krass då eg spurte om han hadde hatt det fint med ho den dagen. Han hadde nemleg ikkje vore med på møta, men snike seg vekk med ho. Han sa han hadde hatt det fint, men verka han lukkeleg? Han sa òg at han trudde eg ville lika ho, men eg svarte, som sant var, at jo, truleg, men til no hadde eg berre småprata med ho. Me har ingenting til felles og vankar i to heilt ulike miljø.

Sånn var det..

onsdag 9. april 2008

3 - 2 - 1 - ... 0?

Eg får ikkje puste. Heile tilværet mitt er klaustrofobisk. Eg kjenner meg malplassert og særdeles utilpass, og eg vil berre vekk herfrå.

Mor mi har bursdag i dag, men eg har ikkje sett ho. Ho har vore oppteken, og eg har gøymt meg. Eg orkar det berre ikkje lenger. Eg er glad i ho, men no er det berre ein del punkt som ikkje fungerer lenger. Men eg kan jo ikkje unngå ho for alltid. Eg har vore flink og pliktoppfyllande dotter og kjøpt ei gåve til ho. Den ligg på senga hennar, men eg vonar ho ikkje takkar meg. Eg veit ikkje kva eg skal gjere viss ho takkar meg. Gåva er ikkje kjøpt med kjærleik, for å seie det sånn. Den er kjøpt av di eg liksom måtte finne på noko. Ho har jo bursdag og då gjer ein jo liksom sånt. Det er ei pliktoppfyllande gåve ho får i år.

No har eg lagt meg. Eg ville ikkje vere meir i stova av frykt for at ho skulle kome heim, og så måtte eg ha leika at eg var glad og alt sånt. Så no ligg eg her og vonar eg søv før ho tar i dørklinka. Det skal jo ikkje vere sånn..

Det kan ikkje vere sånn..

Og så noko litt morosamt oppi det heile: "Soga om Kark" spinn dritfort gjennom hovudet mitt. Lukke til med å synge i dette tempoet.

måndag 7. april 2008

Smågal og litt sånt..

Jaja.. No sit eg og analyserer dialektar. Her er det både apokope, eller appokope, som lærerinna mi seier, og diftong, nektingsadverbial og personlege pronomen som gjeld. Det er kjekt, men litt vanskeleg. Det er lett å sei kva landsdel dialekten er i frå, og gjerne òg kva område, men det er ikkje lett å sei nøyaktig kva by, som er ein del av krava til oppgåva. Eg er eigentleg ikkje komen så veldig langt. Snakka lenge med Klaus tidlegare og han hjelpte meg litt.

Å hjelpa er eit ord eg slit med -.- heilt idiotisk.. I følgje Eirik skal det skrivast sånn:

å hjelpa hjelper hjelpte har hjelpt. Så veit eg det, og no bør eg kunne det. Takk til han.

6. mai vert det nynorskkurs og det vert i tillegg kanonbra! :D

Nei.. æsj.. dette vart lite konstruktivt.. Eg trur eg berre seier god natt.

tysdag 1. april 2008

Om framtida mi og nynorsken min

Eg trur eg vil tvinga både Vegard og meg sjølv til å skriva her oftare. Me ser jo kvarandre så sjeldan likevel, så då kan me like så godt oppdatera kvarandre på nett =p

Dei neste vekene er fæle.. Ikkje det at det skal skje så mykje fælt, men det skal skje så mykje og helst skal alt skje samstundes. I helga var eg på landsmøtet til Norsk Målungdom. Fantastisk kjekt! Eg har vorte så glad i alle NMU-folka, og eg har oppdaga at eg ikkje har noko liv utan NMU. Eg lurar seriøst på kva eg gjorde før i tida.. Frå og med 1. juli er eg sentralstyremedlem! Det gjer meg rett og slett hoppande glad, men samstundes litt redd. Eg veit liksom at verda, og eigentleg meg òg, er klar for å starta mitt eige liv, men eg skjønar liksom ikkje heilt det. I blant kjennest det som eg framleis berre er ti år gamal, og korleis skal ein tiåring kunna klara seg sjølv? Det er berre rart.. I fleire månader no så har eg ihuga jakta på ei meir definert framtid. No er framtida meir definert og eg byrjar straks å leite etter noko anna som ikkje er det.

Eg slit litt med nynorsken min. Eg klarar ikkje finna ut av korleis eg eigentleg vil at eg skal
skriva, for eg vil helst at den skal vera meg, og då må han vera tilnærma lik dialekten min. Så kjem det store problemet: eg har jo to dialektar.. Så skal den skriftlege nynorsken min vere lik den dialekten eg nyttar blant flest vener, eller den eg nyttar blant andre vener og heile familien min? Æsj..

- Birgitta