Me likar nynorsktagging oppi fjellet

Me likar nynorsktagging oppi fjellet

onsdag 30. april 2008

1880

No sit eg på det populære ungdomshuset 1880 saman med Kristina. Det ligg ved sida av politistasjonen, viss nokon skulle lura på det. Eg skal eigentleg skriva på EU-oppgåva mi som no er på heile fem liner! Ja.. det vert nok bra... :)

Eg har lyst til å skriva litt om Eva, sidan eg veit at ho vil lesa dette. Eva møtte eg fyrste gong på vinterleiren til NMU i januar. Det var det. Etter det var ho berre inne. Ho er ei fantastisk snill, positiv og reflektert jente som eg verkeleg har vorte glad i på veldig kort tid. Under landsmøtet i helga var det Eva som tok seg av meg :p Me har snakka masse om laust og fast og om NMU sjølvsagt, som eg vil seia ligg i ein eigen kategori. Eg har forresten store planar om å skriva ei novellesamling, eller kanskje ein heil roman, om språkstriden, med fokus på NMU og Noregs Mållag. Trur det kan verta fantastisk bra! :p

Elles må eg seia at eg saknar folk og fe i Stavanger og NMU. Kvardagen min er trist, grå og våt, særskilt sidan det høljar ned og eg nektar å ta på meg regnjakke. Men til helga er det jobbing, og det er faktisk kjekt. Og helga etter der igjen så er eg og Kristina på veg til Kroatia :D

Som det usunne mennesket eg er skal eg no tinga pommes frites :D

Eg tykkjer eg er superflink som faktisk skriv på bloggen for tida! Dette har eg så utruleg godt av.

3 kommentarer:

Vebjørn sa...

Fortvil ikkje, du tapre forkjempar for det norske folkemål! Ikkje lenge att no før kvardagen din vert NMU og nynorskbrukande siddisar. :o)

Birgitta sa...

Jippi! :D

Odin / Velmont sa...

Eg lurer på kva «planetmann» tyder?