Me likar nynorsktagging oppi fjellet

Me likar nynorsktagging oppi fjellet

fredag 15. august 2008

Offentlege skjema er blæææh... Eg har stressa no som ein gal for å få alt til, og framleis så er dei ikkje nøgde. No er det registrert ein eller annan plass at mi nye adresse er i Ivan Bjørndalsgate, men eg veit ikkje heilt kvar.

Det er fint her. Eg har ein fridag og sit på nabokafeen Copa con Oro. Dei har fantastisk god espresso :)

Elles lurer eg litt på kva eg skal ta meg til. Fint med ein fridag, men litt rart òg. Var ute og handla litt mat tidlegare og fann ut kor dyrt det eigentleg er med sjampo, dusjsåpe og tannkrem. Elles har eg stort bruk for handkle, men har fått låna eit av Klaus no. Har veldig lyst på sushi og ser at det er middagstid. Problemet er at eg ikkje har råd til sushi.. eller har eg? Kan vel ikkje skada å unna seg litt godt på ein fredag...

2 kommentarer:

Anonym sa...

Ein har alltid råd til sushi! og det fine er jo at du kan kjøpe bare eit par bitar om du vil ;D

Anonym sa...

Eg håpar du og Janne kartlegg alle bra kafear i byen til vi kjem og vitjar dykk:)