Me likar nynorsktagging oppi fjellet

Me likar nynorsktagging oppi fjellet

tysdag 26. august 2008

”Eg er ein som leitar og stundom ein som finn"

Skreiv dette i går kveld, men var utan nett så eg fekk ikkje lagt det ut før no.


Eg ser på det tome arket framfor meg. Dei fyrste orda er allereie formulert i hovudet mitt. No gjelds det berre å skriva dei ned. Å gjera dei faste, konstante. Å gjera dei til setningar som eg kan lesa igjen ein annan gong.

Eg fann ut noko i går. Eg kom heim etter ei fantastisk helg med sentralstyresamling på Koster, og det fyrste eg gjorde var å ringja Kristina. Me gjekk slik eg kan gå med ho, vandra gatelangs utan mål og meining. Berre pusta, vera, sjå og utforska.

Me kom til Nordahl Brunsgate og kasta ein tom snusboks på vindauget til Bror. Fekk han med oss ut. Me vandra vidare og kom til VG-bygget, sette oss og prata litt med avismannen på benken. Mannen som alltid les nytt og alltid teier om det han finn ut. Me las litt på avisoppslaga. Ein av dei handla om ei dame, eg las det ikkje nøye, men eg hengte meg opp i det vesle eg fann ut. Det stod at jakta på den rette ofte kunne gjera folk blinde for mange gode forhold.

Etter å ha sagt god natt til Bror, gjekk meg og Kristina heimover og eg fekk til slutt vridd temaet over på det som ligg meg nærast hjarta for tida. Det slo meg då kor mykje ein går glipp av ved å venta på noko godt.

Korleis kan ein veta at det ein gjer, den ein har funne, osb., er rett? Viss ein sluttar sjå andre moglegheiter, kanskje? Truleg, men viss ein aldri gjer det, tyder det eigentleg at det er feil?

Jakta på det som heile tida kan vera betre, gjer at ein ikkje set pris på det ein har, eller ein er redd for at det skal forsvinna. Eg veit at eg tenkjer sånn, og det gjer meg handlingslamma.

Løysinga?

Ein må taka sjanser. Ein må hoppa, for kva gale kan eigentleg skje? Truleg treff du vatnet, og viss ikkje så klarar du deg likevel. Til slutt.

Men det er vanskeleg. Forferdeleg vanskeleg. Og korleis skal eg gjera det? Korleis gjera det minst mogleg farleg?

Eg veit ikkje.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Jaa!! :D:D:D

Fin, flott, dette likar eg! :D Bra greidor.

Anonym sa...

Er det ein god ting å treffe vatnet?