Me likar nynorsktagging oppi fjellet

Me likar nynorsktagging oppi fjellet

torsdag 7. august 2008

Med FeelGood ved vasskanten sit ei jente og pustar ut


Eg trudde eg skulle få vera i ro hjå farmor og farfar, men slik vart det ikkje. Pappa si halvsyster dukka opp med barn og barnebarn, og det vart litt av eit leven. Eg var pessimistisk til å byrja med. Dei maste og styrte sånn at eg vart heilt dårleg. Fyrste dagen enda med at eg sneik meg ned til vatnet for å trøysteeta "franske friterte" og drikka FeelGood.

(FeelGood er ein fantastisk god brus laga av berre rein fruktjus og kolsyre! Den må prøvast!)

Erlend-Brat-noko-frå-norske-talenter-seier-du?
MEN det gjekk betre, og heile turen har vore fin. Slektningane mine var greie dei. Me har ledd og kost oss, og eg har skjønt at eg bør finna meir ut om Erlend Bratland. Barnebarnet til halvtanta mi (halvtoogeinhalvmeningen min, som Vegard og David ville sagt) er ei søt 11 år gamal jente, som er klar for å gifta seg med Erlend "Norske Talent" Bratland. Hadde ho berre turt å spør han. Han er nemleg på ferie her på Husnes, og me har sett han tre gonger. Eg skjøna fort at eg var dum som berre så vitt hadde høyrt namnet hans..

Tanta mi tok bilete av han ho. Spurte han fint og han var grei han. Uheldigvis så gjorde det at toogeinhalvmeningen min sprang og gøymte seg.

I am lost, seier eg til dette og er glad for YouTube...

3 kommentarer:

Eva sa...

I Egersund vert Eirik T. jamnt over forveksla med Erlend. Berre i dei fem minutta han venta på meg for å køyra meg til Eirik i Bjerkreim (noko som var fantastisk gjort!) var det småjenter som kviskra om at "Erlend" stod på togstasjonen.

tritonus sa...

FeelGood er så fantastisk! Eg kjøper alltid det når eg kan. Sjølv om eg eigentleg fekk litt skrekken i meg då ei feelgood-flaske eksploderte i handi mi på Byporten i Bergen.

Birgitta sa...

Oioi.. Eksploderte? Korleis då? Kvifor?