Me likar nynorsktagging oppi fjellet

Me likar nynorsktagging oppi fjellet

måndag 18. august 2008

"Ein har alltid råd til sushi!" seier Klaus. Eg likar den måten å tenkja på.

Eg er no aleine heime, trur eg, for ein veit eigentleg aldri om det luskar nokon i andre etasje eller ikkje. Er litt rart. Alle for ut til ulike ting, og eg har eigentleg ingen planar. Tenkte eg skulle byrja å finna meg arbeid i dag då.. Kan byrja leita, men vil ikkje byrja å arbeida endå.. Tenkte i alle fall at eg skulle snika meg ned på skrivarstova og arbeida litt med motmæletekstar og kanskje skriva ut litt CVar. Eg skriv betre der det skjer ting og er folk, enn her heime der det er stille.

Elles les eg meg opp på "røysterett 16"-saka. Sjå link: http://www.nrk.no/nyheter/1.6177248 og diverse andre google-treff.

Eg har kjøpt "Mengele Zoo" av Gert Nygårdshaug! Gler meg til å lesa, men vil verta ferdig med "Timbuktu" av Paul Auster fyrst.

Dette vart jo nesten litt keisamt.. jaja.. det er no det der er :)

Fred ut!

1 kommentar:

Anonym sa...

Uff, det er vel ikkje på kvar kafe i verdi du får kjøpt cappucino..

Btw, eg òg hadde sans for ein har alltid råd til sushi-tankegangen! Heia Klaus:)