Me likar nynorsktagging oppi fjellet

Me likar nynorsktagging oppi fjellet

torsdag 21. august 2008

IKEA og nynorske læremiddel

Klaus og eg var oppe og skrudde på Ikea-møbler til klokka halv to i natt. Så no har eg bokhylle, men tør ikkje setja noko inni av di eg er redd ho då velter.. Litt idiotisk.. Elles så fekk eg Klaus til å springa rundt på Ikea og leita etter seng til meg, medan eg sat heime i sofaen og åt chips.. Ok.. eg hadde vore på ringjert fyrst, difor eg ikkje kunne vera med. Seng fekk eg ikkje, av di det var utsolgt over heile lina. Kanskje neste veke? Æsj.. Glad eg tok ut sengepengane kontant så eg ikkje brukar dei opp til noko anna.

Eg gler meg til å sjå Ulrikke att :)

Elles er det tid for å kjempa for nynorske læremiddel igjen. Janne var i Førde og demonstrerte på Hafstad vidaregåande skule, den gamle skulen til kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell, i går. Sjå link til Firda her:

http://www.firda.no/nyhende/article3731325.ece

Eg har ein løyndom, men den er berre min.. I alle fall litt til.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Dei lærde stridast tydelegvis her. Google gav 532 000 treff på foccacia og 1 910 000 på focaccia. Eg innbiller meg at det er ein fyrst og to etter, men eg er ikkje sikker!

Ola Haugen Havrevoll sa...

Tyder det at du tenkjer å dela løyndomen med andre etter kvart? Har ein sagt A, er det kjekkast for dei andre om ein seier B òg, veit du. :)

Eva Holthe Enoksen sa...

Hm, det kan vel eg få vita, vel? Eg trur for tida eg pratar meir med Bror og Vebjørn enn venene mine her, men det er kanskje ein fin ting?