Me likar nynorsktagging oppi fjellet

Me likar nynorsktagging oppi fjellet

måndag 4. august 2008

Fri, Oddvar Torsheim og sjokoladepudding med rismjølk:
Det er fyrste fridagen min i dag. Totalt har eg fire no. Og eg gjer ingenting. Eller, eg gjer jo det. Eg skriv her, og har det eigentleg ganske fint. Ingen planar anna enn at eg skal treffa Karina i seks-tida. Eg burde sikkert ha pakka litt, men eg har ingenting å pakka i akkurat no.

Eg ser heller på programmet til Bergen Kino, det er jo ein fin ting å gjera med Karina. Kanskje eg får ho med på ein halvliter etter på òg. Det hadde vore kos :)

Eg høyrer på Oddvar Torsheim - Tur-Retur Blues. Rødbrus, kaviar og litt sumaragurk. <3 Treng eg seia meir?

Eg laga sjokoladepudding i går! Med vaniljesaus! Dei hadde det til dessert på jobben i går, og fekk heilt sjokoladepuddingmani. Stakk bort på nærbutikken og handla etter jobb. Puddingen vart god den, men eg nytta rismjølk i staden for soyamjølk, og det gjekk så som så. Eg trur det er noko i rismjølka som motverkar stiving, for uansett kor mykje eg hadde i, så var puddingen mest flytande. Same gjaldt vaniljesausen, som vart veldig vassen. Men alt var godt då!


På ferja, på veg heim frå Stavanger i forrige veke. Eg likar å reisa slik åleine. Er roleg og så lite kavete.

Handling, kortbukse og St. Paul sitt gamle tuntre:
Eg var ute og handla med Nina for nokre dagar siden. Det var faktisk kjekt, så lenge me heldt oss borte frå dei verste butikkane. Eg veit ikkje om de kjenner den kjensla av at nokre butikkar held deg under oppsyn. I blant får eg den kjensla.. Så snart eg går innanfor døra, går alarmen i butikken, og den skrik ut: du passar ikkje inn her! du passar ikkje inn her! Det er då det gjeld å koma seg ut så fort som råd er, viss ikkje vert ein fanga der inne.

Me hamna i nokre sånne butikkar, men me handla raskt og kom oss heile ut igjen, om enn litt tungpusta.

Me var på jakt etter pyjamasbukser. Det var Nina som ville ha det, så eg var med og leita, men me fann ikkje. Det eg derimot fant var ei kortbukse til 49 kroner. Nøgd med den, så eg tenkte eg skulle taka eit bilete. Her er meg iført kortbuksa og ei nynorsk-t-skjorte. Eg ligg i senga med beina oppetter veggen. Ein ser òg korset mitt som heng over senga. Eg fekk det av læraren min til konfirmasjonen. Det er laga av det gamle tuntreet til St. Paul.


Rommet mitt:
Og med det same eg var i gong, så tok eg eit bilete av veggen over senga mi, ved vindauget, det er jo trass alt ikkje så mange dagar klovnane mine får henga slik no. Mamma gler seg som ein unge til å laga gjesterom av rommet mitt. Er fint det. Ved sida av klovnane heng teikninga Nina og eg brukte seks månader på å laga i 10. klasse. Me konsentrerte oss faktisk bra i dei timane, medan me teikna og fargela. Eg er glad for resultatet. Under der igjen heng to teikningar Martin laga til meg. Hesten fekk eg til 17-årsdagen, og det andre er ein blome i eit hjarta av greiner, som eg fekk til valentinsdagen.

Eg skal innrømma her og no at eg saknar Martin. Mange av dei andre òg, men eg saknar Martin og meg frå 1. klasse.


No har det jaggu meg kome med nokre bilete òg! Tykkjer vloggen min kjem seg, eg :)

Eg var forresten på Aura med Lars på laurdag. Det var veldig kjekt. Kjem til å sakne Lars masse når eg flyttar. Han er ein bra fyr :)

Slo meg at eg må seia farvel til Aura snart. Eg må finna ein sånn kafé i Oslo, men kvar? Eg overlever ikkje utan, i alle fall, vekentleg soyamjølkkaffi.

Dette vart langt, men eg vil ikkje slutta før eg har fått med eposten som Jens sendte til LST-lista:

"2. august: Trygve Langlo skriv i Sunnmørsposten (eller sumpen): Verdt å legge merke til er det også at ein framstøyt frå Norsk Målungdom ser ut til å få eit positivt utfall. Målungdommen har sett seg lei på at utanlandske filmar utan unntak blir teksta på bokmål ved omsetjing til norsk. No har Eufora Film kome med lovnad om nynorsk omsetjing på den brasilianske Gullbjørnvinnaren Tropa de Elite. Håpet er å i aukande grad gjere nynorsk til eit bruksspråk på filmlerretet.

http://www.smp.no/article/20080802/MENINGER04/310497391

3. august: Norsk Målungdom fyller 47 år!

4. august: Vi når 1000 teljande, betalande medlemer! Godt jobba folkens, og verv gjerne fleire!

5. august: Ivar Aasen fyller 195 år! "

NYNORSK JA! NYNORSK JA! NYNORSKTEKSTING VIL ME HA! (eit av ropa våre under kinoaksjonen)

2 kommentarer:

3-2-nuz sa...

Kven er det som har tagga? :)

Birgitta sa...

Eg veit faktisk ikkje. Eg fann det på veg opp Stolzekleiven :)