Me likar nynorsktagging oppi fjellet

Me likar nynorsktagging oppi fjellet

måndag 16. november 2009

Hausttid er nynorsktid!

Haust og EU
Det er seinhaust og eksamenstid. Fredag klokka 09.00 skal eg skriva om eldre verdshistorie i ein gymsal på Blindern. Laurdag skal eg på Nei-fest. I dag har eg vore på fyrste del av eit EU-kurs hjå Europabevegelsen, og eg kjenner meg godt skulert på EU si oppbyggjing, sjølv om eg ikkje vart for å melda Noreg inn. Det er to delar til og siste gongen vil eg få høve til å svara på ein fleirvalsprøve.

Europabevegelsen
(EB) var ein fin gjeng med menneske, og sjølv om Eirik og eg var dei yngste til stades, var dei ikkje så prega av det ekskluderingsgenet eg har sett hjå andre som meiner det motsette av meg sjølv. For nokre veker sidan var t.d. Bror og eg på eit ope møte hjå Riksmålsforbundet. Her var det pels, perler og parfyme som gjaldt og i ei så stor grad at eg kjende meg særs utilpass der eg sat i lusekofte og dongeribukse. Dette var merkeleg nok ikkje tilfellet hjå EB. Kanskje kjem det av den konstante mangelen på pengar som dei hevdar dei har? På mange måtar minnar dei meg om målrørsla, ei rørsle i motgong, men som ikkje gjev opp kampen for det dei trur på. Til trass for mange desperate hjartesukk, er det desse rørslene det er kjekt å vera ein del av. EB hadde til og med sin eigen variant av Magnus Bernhardsen, om enn ikkje like sprudlande...

Her er eit tips til interessant lesing: Lisboabloggen

Nynorsk
Etter landsstyremøtet i helga har eg innsett fleire ting. Noko av det kjekkaste eg veit er å få til ting eg trur på. Slik sett elskar eg å arbeida lenge med prosjekt, så lenge eg veit at det kan gje resultat. Her kjem nynorsken inn. Det er altfor lenge sidan eg faktisk har gjort noko aktivt for nynorsken. Ved å sitja i sentralstyret i NMU gjer eg småting heile tida, men det er lenge sidan eg har gjort noko som eg har følt at kan gjera ein forskjell.

Planen min frametter er å skriva fleire lesarinnlegg (siste var med Kristina i vår etter hennar initiativ...), snakka med dei rette folka og sørgja for at nynorskklassen på gamle barneskulen min, Minde, i Bergen vert ordentleg følgt opp, gje Godnattboka til alle ungane eg kjenner i rett alder (5+), og arbeida innad i store delar av familien for å få språkmedvitne foreldre som kan lesa for og prata med språkmedvitne ungar.

Ver med å venda vinden!
Gode idear til enkle ting ein kan gjera for nynorsken tek eg mot med takk. Vonar fleire og vil vera med :)

Les meir om haustkampanjen vår her.

Ingen kommentarer: