Me likar nynorsktagging oppi fjellet

Me likar nynorsktagging oppi fjellet

onsdag 24. september 2008

Alle mann hadde fota....

Alle mann hadde fota,
min mann hadde ingen,
tok eg meg bjørkerota
gjorde min mann fota.


Eg kom til å synga på denne songen i dag, og då tenkte eg på Anne Guro, for me sang stadig vekk på denne under sumarleiren (då meiner eg sjølvsagt NMU sin sumarleir).

Min mann dansa fram,
fot i hose hadde han
likso vel som ein annan mann.
Alle mann hadde fota.

Alle mann hadde arma',
min mann hadde ingen,
tok eg meg eit par tarma',
gjorde min mann arma'.


Slik eg ser det kan ein sjå på denne songen på to måtar:

1. Han viser korleis ein alltid kan fiksa ting, ein må berre ha litt fantasi.

Min mann dansa fram,
tarme-arma' hadde han
likso vel som ein annan mann.
Alle mann hadde arma'.


2. Han viser trongen mange menneske ha til å vera perfekte eller ha det perfekte. Hovudpersonen, som eg her vil skriva er ei kvinne, vil at mannen skal vera slik som alle menn, og når han avvikar frå normalen, gjer ho han normal.

Alle mann hadde aua,
min mann hadde ingen,
tok eg meg eit par saua',
gjorde min mann aua.

På ein måte framhevar denne songen livet som ganske enkelt. Og dette er ein barnesong... Eg er skeptisk, men likevel syng eg gladleg med på refrenget:

Min mann dansa fram,
saue-aua hadde han
likso vel som ein annan mann.
Alle mann hadde aua.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Eg har alltid sett på det som ein mann som syng om ein annan mann.

Birgitta sa...

Hm.. Se der.. Ulike tolkingar er alltid artig! :)

Eva Q. sa...

eirik har alltid eit homoperspektiv, veit du :)