Me likar nynorsktagging oppi fjellet

Me likar nynorsktagging oppi fjellet

søndag 14. desember 2008

For me tenner våre lykter når det mørknar..

Kva har skjedd eigentleg? Eg har ikkje oppdatert på fleire veker..

Det er desember, mørk og kald. Eg kjenner det på heile meg. Ei veke igjen på arbeid før eg reiser heim for å arbeida litt der i juleferien. Tek Bror med meg nokre dagar.

Det klør i fingrane mine. Eg treng å skriva, men kvar gong eg får tid til å setja meg ned, så vert det ikkje til noko. Det er heilt blankt. Ikkje eitt ord får eg ned på papiret. I hovudet mitt dansar krokodillar med hundar, og born vert forelska og døyr, men papiret er likevel blankt. Tyst. Det talar ikkje til meg, berre er der. Det stirar.

2 kommentarer:

Anonym sa...

døyr dei fordi dei er forelska, eller er det ein slik død som før eller seinare kjem til alle?

Birgitta sa...

det er nok berre den vanlege dauden. den som med tida tek oss alle med, men eg tenkjer på born som døyr før tida.