Me likar nynorsktagging oppi fjellet

Me likar nynorsktagging oppi fjellet

søndag 13. juli 2008

Lenge sidan eg har vore innpå no. Har ikkje vore heilt med vilje, men eg har litt fobi mot datamaskina for tida. Eg kom meg trygt heim frå Vest-Sahara og no ligg eg i senga mi i Bergen etter ein veldig kjekk sumarleir med masse kjekke nynorskingar. Eg er no sentralstyremedlem i NMU, noko eg tykkjer er både spanande og skummelt. Eg ventar å vakna opp kvar augneblink og oppdaga at eg framleis går i tiande klasse på St. Paul.

Eg har fått ny mobiltelefon, men nummeret er det same. Telefonen er nesten litt for komplisert for meg, men eg likar bileta den tar. Eg har valt ut tre av bileta eg tok under sumarleiren i vakre Aurland.
Her er Tone, Janne, Klaus og Odin på veg ut på stupebrettet, eit utkikkspunkt frå eit fjell i Aurland. Alle fire er fantastiske menneske som eg har vorte endå betre kjent med i laupet av leiren. Tone skal bu ikkje så langt frå Kristina og Gaute, og Janne bur rett bortanfor der eg skal bu med, mellom anna, Klaus og Odin. Eg gler meg masse! Dei er to flotte karar som eg har vorte veldig glad i.

Alt i alt så er NMU ein organisasjon fylt med masse fine menneske, og eg ser fram til å sjå meir til dei dei neste åra. Eg trur det vert veldig bra.

Under er utsikta frå stupebrettet og ned mot Aurland.

Eg har forresten songen om Bror, "Joggedress med press", frå melodikappleiken surrande rundt i hovudet mitt. Bror er ein flott fyr med mykje rart for seg.

Under er skuggen til Odin, meg, Janne og Eirik.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hihi, du fekk vinkelen eg ville taka, men ikkje fekk - ja.

Kult å lesa sitt eige namn ein annan plass enn min eigen blogg (der eg hev det med å skriva veldig sjølvsentrert, men slik fær me jo lov til på vår eigen blogg).

No må eg nesten gå frå denne pub-en, kl 00:00 i København - ikkje mange metrane frå Christiania. Sjåast i Oslo!

Birgitta sa...

:D