Me likar nynorsktagging oppi fjellet

Me likar nynorsktagging oppi fjellet

torsdag 8. januar 2009

Tida går skummelt fort desse dagane. No er det allereie ei veke sidan eg dro frå Bergen etter to stille ferieveker med nærmaste familie, gamle vener og arbeid. Feriar plar alltid gå fort, men dette tok kaka. Eg fekk ikkje eingong tid til å få den ekte julekjensla før det var over. Eg hugsar eg stod der på juleafta og tenkte "Å ja, er me der alt?". Så var det over.

No har eg nokre minutt til å pusta i bakken på arbeid. Eg og ein kollega hadde 11 born med oss til Tøyen i dag. Var på zoologisk museum. No høyrer eg det er kaos ute. Borna er ferdige med å eta. Eg trur eg må koma meg ut igjen.

søndag 14. desember 2008

For me tenner våre lykter når det mørknar..

Kva har skjedd eigentleg? Eg har ikkje oppdatert på fleire veker..

Det er desember, mørk og kald. Eg kjenner det på heile meg. Ei veke igjen på arbeid før eg reiser heim for å arbeida litt der i juleferien. Tek Bror med meg nokre dagar.

Det klør i fingrane mine. Eg treng å skriva, men kvar gong eg får tid til å setja meg ned, så vert det ikkje til noko. Det er heilt blankt. Ikkje eitt ord får eg ned på papiret. I hovudet mitt dansar krokodillar med hundar, og born vert forelska og døyr, men papiret er likevel blankt. Tyst. Det talar ikkje til meg, berre er der. Det stirar.

måndag 20. oktober 2008

Ei helg med futt, men lite krutt ....?

Denne helga har Nina vore her. Laurdag var Maria, Leif Arne, Bror og eg på sopptur. Me fann masse traktkantarell, litt vanleg kantarell, piggsopp og fåresopp. Etter turen dro me til NBG for å reinska soppen og drikka kakao. Seinare dro Nina, Bror og eg til IBG for å eta snop og sjå Cinema Paradiso, men fyrst var me innom Copa Con Oro og tok ei øl.

No er Bror på målferdtur til Stord. Etter å ha fulgt han til toget halv eitt, vandra Nina og eg gatelangs i storbyen. Me prata, lukta, såg og endte med eitt opp på Mamma Mia på Saga kino. Etter filmen gjekk me i slottsparken og tok masse bilete av at me kasta lauv i lufta. '

Vakkert. Haustleg. Eit haustleg leikerom.

Me gjekk til slutt heim til IBG og åt sushi (mest eg som åt av di Nina ikkje tykte om det) og såg på High School Musical 2. Fulgte Nina til bussen litt over ni.

Resten av kvelden nytta eg til å leggja masse musikk inn på telefonen min og sjå på Ronja Røverdotter.

No skal eg heim og leggja meg. Rart å sova åleine. Heldigvis har eg musikken min.

måndag 13. oktober 2008

Lykke er...

... ikkje å koma på arbeid klokka 8 på ein måndag etter ei travel helg, berre av di ein ikkje kom på å sjekka kva tid ein eigentleg byrja før det var forseint, for så å koma og finna ut at ein kunne ha sove ein time lenger av di ein byrja 9. Særskilt er dette irriterande når ein ikkje får noko igjen for det, men likevel må arbeida ut tida, altså til 17.00.

laurdag 4. oktober 2008

Kaffi og dialekt

Det har kome to menn inn i mitt liv...

Ingen av dei er vel eigentleg nye, men dei har fort vorte ein stor del av livet mitt for tida. Den fyrste syng meg gjennom dagane. Folk bør vel ikkje vera overraska no når dette biletet av han kjem:



Den nye plata til Odd Nordstoga, Pilegrim, er ein musikalsk draum. Eg kjenner eg vert reint lukkeleg av å høyra på ho. Særskilt gjeld dette når eg veit at eg for alltid vil få den lukkelege kjensla når eg høyrer ho igjen. Slik er det alltid med plater som eg høyrer mykje på i gode eller dårlege periodar. Kjenslene eg har på den tida, vert lagra i musikken.

Og han andre...?

Bror og eg sit på Copa Con Oro. Han les høgt frå Målføra og nynorsken, og eg høyrer halvt etter.

Kvifor er dialektar verdifulle?

Me arbeidar med dialektkampanjen. Byrjar få ei god oversikt no, men det er framleis mykje å gjera.

Haha! No fann me sida Dialektor. Der var det mykje rart, ja. Eigentleg ei veldig dårleg side, men ho har potensiale. Synd at dei ikkje har klart å blesta ho meir. Då kunne det vorte bra med dialektprøver og anna.

Eg gler meg til mangfaldsseminaret neste helg!!

No må eg stikka og gjera meg klar til fest hjå Erik i kveld! :D

onsdag 24. september 2008

Alle mann hadde fota....

Alle mann hadde fota,
min mann hadde ingen,
tok eg meg bjørkerota
gjorde min mann fota.


Eg kom til å synga på denne songen i dag, og då tenkte eg på Anne Guro, for me sang stadig vekk på denne under sumarleiren (då meiner eg sjølvsagt NMU sin sumarleir).

Min mann dansa fram,
fot i hose hadde han
likso vel som ein annan mann.
Alle mann hadde fota.

Alle mann hadde arma',
min mann hadde ingen,
tok eg meg eit par tarma',
gjorde min mann arma'.


Slik eg ser det kan ein sjå på denne songen på to måtar:

1. Han viser korleis ein alltid kan fiksa ting, ein må berre ha litt fantasi.

Min mann dansa fram,
tarme-arma' hadde han
likso vel som ein annan mann.
Alle mann hadde arma'.


2. Han viser trongen mange menneske ha til å vera perfekte eller ha det perfekte. Hovudpersonen, som eg her vil skriva er ei kvinne, vil at mannen skal vera slik som alle menn, og når han avvikar frå normalen, gjer ho han normal.

Alle mann hadde aua,
min mann hadde ingen,
tok eg meg eit par saua',
gjorde min mann aua.

På ein måte framhevar denne songen livet som ganske enkelt. Og dette er ein barnesong... Eg er skeptisk, men likevel syng eg gladleg med på refrenget:

Min mann dansa fram,
saue-aua hadde han
likso vel som ein annan mann.
Alle mann hadde aua.

onsdag 10. september 2008

"Og eg ønskjer deg bak hav og fjell, at du får sova godt i kveld."

Eg hoppa,
men eg veit framleis ikkje
om eg traff
vatnet..