Me likar nynorsktagging oppi fjellet

Me likar nynorsktagging oppi fjellet

onsdag 24. september 2008

Alle mann hadde fota....

Alle mann hadde fota,
min mann hadde ingen,
tok eg meg bjørkerota
gjorde min mann fota.


Eg kom til å synga på denne songen i dag, og då tenkte eg på Anne Guro, for me sang stadig vekk på denne under sumarleiren (då meiner eg sjølvsagt NMU sin sumarleir).

Min mann dansa fram,
fot i hose hadde han
likso vel som ein annan mann.
Alle mann hadde fota.

Alle mann hadde arma',
min mann hadde ingen,
tok eg meg eit par tarma',
gjorde min mann arma'.


Slik eg ser det kan ein sjå på denne songen på to måtar:

1. Han viser korleis ein alltid kan fiksa ting, ein må berre ha litt fantasi.

Min mann dansa fram,
tarme-arma' hadde han
likso vel som ein annan mann.
Alle mann hadde arma'.


2. Han viser trongen mange menneske ha til å vera perfekte eller ha det perfekte. Hovudpersonen, som eg her vil skriva er ei kvinne, vil at mannen skal vera slik som alle menn, og når han avvikar frå normalen, gjer ho han normal.

Alle mann hadde aua,
min mann hadde ingen,
tok eg meg eit par saua',
gjorde min mann aua.

På ein måte framhevar denne songen livet som ganske enkelt. Og dette er ein barnesong... Eg er skeptisk, men likevel syng eg gladleg med på refrenget:

Min mann dansa fram,
saue-aua hadde han
likso vel som ein annan mann.
Alle mann hadde aua.

onsdag 10. september 2008

"Og eg ønskjer deg bak hav og fjell, at du får sova godt i kveld."

Eg hoppa,
men eg veit framleis ikkje
om eg traff
vatnet..

fredag 29. august 2008

Bærgæn

Haha.........

Eg har vore heime i mindre enn tre timar, men eg er åleine, og eg saknar allereie Oslo og skrivarstova.. Eg er mildt sagt overraska over meg sjølv.

Men eg skal fylla opp dagen min!
No skriv eg Motmæletekstar og så kjem Eirik og så må eg ned på Aura <3 ein tur. Kanskje eg får han med meg på ei øl før han stikk ut med dei nye kule venene sine? Vil på Spesial ein tur, trur eg. Og så skal eg vandra gatelangs i byen min og berre vera, lukta, sjå. Slik eg likar det :)

tysdag 26. august 2008

”Eg er ein som leitar og stundom ein som finn"

Skreiv dette i går kveld, men var utan nett så eg fekk ikkje lagt det ut før no.


Eg ser på det tome arket framfor meg. Dei fyrste orda er allereie formulert i hovudet mitt. No gjelds det berre å skriva dei ned. Å gjera dei faste, konstante. Å gjera dei til setningar som eg kan lesa igjen ein annan gong.

Eg fann ut noko i går. Eg kom heim etter ei fantastisk helg med sentralstyresamling på Koster, og det fyrste eg gjorde var å ringja Kristina. Me gjekk slik eg kan gå med ho, vandra gatelangs utan mål og meining. Berre pusta, vera, sjå og utforska.

Me kom til Nordahl Brunsgate og kasta ein tom snusboks på vindauget til Bror. Fekk han med oss ut. Me vandra vidare og kom til VG-bygget, sette oss og prata litt med avismannen på benken. Mannen som alltid les nytt og alltid teier om det han finn ut. Me las litt på avisoppslaga. Ein av dei handla om ei dame, eg las det ikkje nøye, men eg hengte meg opp i det vesle eg fann ut. Det stod at jakta på den rette ofte kunne gjera folk blinde for mange gode forhold.

Etter å ha sagt god natt til Bror, gjekk meg og Kristina heimover og eg fekk til slutt vridd temaet over på det som ligg meg nærast hjarta for tida. Det slo meg då kor mykje ein går glipp av ved å venta på noko godt.

Korleis kan ein veta at det ein gjer, den ein har funne, osb., er rett? Viss ein sluttar sjå andre moglegheiter, kanskje? Truleg, men viss ein aldri gjer det, tyder det eigentleg at det er feil?

Jakta på det som heile tida kan vera betre, gjer at ein ikkje set pris på det ein har, eller ein er redd for at det skal forsvinna. Eg veit at eg tenkjer sånn, og det gjer meg handlingslamma.

Løysinga?

Ein må taka sjanser. Ein må hoppa, for kva gale kan eigentleg skje? Truleg treff du vatnet, og viss ikkje så klarar du deg likevel. Til slutt.

Men det er vanskeleg. Forferdeleg vanskeleg. Og korleis skal eg gjera det? Korleis gjera det minst mogleg farleg?

Eg veit ikkje.

torsdag 21. august 2008

IKEA og nynorske læremiddel

Klaus og eg var oppe og skrudde på Ikea-møbler til klokka halv to i natt. Så no har eg bokhylle, men tør ikkje setja noko inni av di eg er redd ho då velter.. Litt idiotisk.. Elles så fekk eg Klaus til å springa rundt på Ikea og leita etter seng til meg, medan eg sat heime i sofaen og åt chips.. Ok.. eg hadde vore på ringjert fyrst, difor eg ikkje kunne vera med. Seng fekk eg ikkje, av di det var utsolgt over heile lina. Kanskje neste veke? Æsj.. Glad eg tok ut sengepengane kontant så eg ikkje brukar dei opp til noko anna.

Eg gler meg til å sjå Ulrikke att :)

Elles er det tid for å kjempa for nynorske læremiddel igjen. Janne var i Førde og demonstrerte på Hafstad vidaregåande skule, den gamle skulen til kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell, i går. Sjå link til Firda her:

http://www.firda.no/nyhende/article3731325.ece

Eg har ein løyndom, men den er berre min.. I alle fall litt til.

måndag 18. august 2008

"Ein har alltid råd til sushi!" seier Klaus. Eg likar den måten å tenkja på.

Eg er no aleine heime, trur eg, for ein veit eigentleg aldri om det luskar nokon i andre etasje eller ikkje. Er litt rart. Alle for ut til ulike ting, og eg har eigentleg ingen planar. Tenkte eg skulle byrja å finna meg arbeid i dag då.. Kan byrja leita, men vil ikkje byrja å arbeida endå.. Tenkte i alle fall at eg skulle snika meg ned på skrivarstova og arbeida litt med motmæletekstar og kanskje skriva ut litt CVar. Eg skriv betre der det skjer ting og er folk, enn her heime der det er stille.

Elles les eg meg opp på "røysterett 16"-saka. Sjå link: http://www.nrk.no/nyheter/1.6177248 og diverse andre google-treff.

Eg har kjøpt "Mengele Zoo" av Gert Nygårdshaug! Gler meg til å lesa, men vil verta ferdig med "Timbuktu" av Paul Auster fyrst.

Dette vart jo nesten litt keisamt.. jaja.. det er no det der er :)

Fred ut!

fredag 15. august 2008

Offentlege skjema er blæææh... Eg har stressa no som ein gal for å få alt til, og framleis så er dei ikkje nøgde. No er det registrert ein eller annan plass at mi nye adresse er i Ivan Bjørndalsgate, men eg veit ikkje heilt kvar.

Det er fint her. Eg har ein fridag og sit på nabokafeen Copa con Oro. Dei har fantastisk god espresso :)

Elles lurer eg litt på kva eg skal ta meg til. Fint med ein fridag, men litt rart òg. Var ute og handla litt mat tidlegare og fann ut kor dyrt det eigentleg er med sjampo, dusjsåpe og tannkrem. Elles har eg stort bruk for handkle, men har fått låna eit av Klaus no. Har veldig lyst på sushi og ser at det er middagstid. Problemet er at eg ikkje har råd til sushi.. eller har eg? Kan vel ikkje skada å unna seg litt godt på ein fredag...