Me likar nynorsktagging oppi fjellet

Me likar nynorsktagging oppi fjellet

fredag 15. august 2008

Offentlege skjema er blæææh... Eg har stressa no som ein gal for å få alt til, og framleis så er dei ikkje nøgde. No er det registrert ein eller annan plass at mi nye adresse er i Ivan Bjørndalsgate, men eg veit ikkje heilt kvar.

Det er fint her. Eg har ein fridag og sit på nabokafeen Copa con Oro. Dei har fantastisk god espresso :)

Elles lurer eg litt på kva eg skal ta meg til. Fint med ein fridag, men litt rart òg. Var ute og handla litt mat tidlegare og fann ut kor dyrt det eigentleg er med sjampo, dusjsåpe og tannkrem. Elles har eg stort bruk for handkle, men har fått låna eit av Klaus no. Har veldig lyst på sushi og ser at det er middagstid. Problemet er at eg ikkje har råd til sushi.. eller har eg? Kan vel ikkje skada å unna seg litt godt på ein fredag...

måndag 11. august 2008

Uæææææh!

Neida.. eg skrik ikkje, men det er ikkje langt i frå..

I dag har eg vore rundt i heile Bergen.. Ikkje tull eingong.. Eg skal taka dykk med på turen min. Startar då mamma fekk meg opp.

08.45: Eg ligg i senga og kjenner den varme dyna.. Ute regnar det.. høljer.. Eg vil ligga, men mamma kjem inn og seier at "no har eg stått opp eins ærend for deg, så då må du sjå til å koma deg opp òg!" Det var sant det. Ho hadde lova å køyra meg til spesialistsenteret på Straume, Sotra. Eg hadde legetime hjå lungespesialisten min.

09.05: Medan brødet mitt ristar, les eg epost og finn ut at eg skal i eit telefonmøte med mållagsfolk og truleg Bror, i høve læremiddelkampanjen, klokka 13.00. Fint, tenkjer eg og skriv at det truleg går bra.

09.37: Me køyrer heimeifrå i god Lim-stil: sju minutt seinare enn planlagt. Eg ringer Eirik, som har sendt melding, og han spør meg om eg kan henta nøkkelen hans til SiB-hybelen, av di han ikkje rekk det.

09.53: Me er nesten framme, men eg stressar litt av di me har litt dårleg tid. Eg har ikkje vore der før, og mamma har ikkje retningssans, og anar ikkje kvar det er, sjølv om ho var der to veker før.

09.54: Me ser sjukebilen, to sjukebilar, ein politibil og ein buss. Ei ulukke, og det er tydeleg at det har vore personskade. Me køyrer forbi og ser at vindaugo på bussen er knust framme og langs sida. Det ser ut som dei har eksplodert. Det er ikkje nyhende om det på radioen.

10.02: Litt sein til legetime, men det er kø. Kjem fort til. Det viser seg at eg skal ha tredemølletest: eg spring fort i seks minutt medan eg pustar inn luft på -15 grader. Eg klarar fint testen, men tetnar skikkeleg til i ettertid. Til slutt får eg medisin og legen konkluderar med at eg ikkje har vokst av meg astmaen.. D'oh.. No kidding..

11.05: Eg forlet bygget og byrjar leita etter buss, noko som ikkje er lett. Spør til slutt ei dame på eit apotek, og kjem meg inn til byen til pappa. Eg byrjar arbeida litt med ferjekiosken, men innser at eg straks må dra viss eg skal rekka ut til Fantoft og henta nøkkelen før dei stenger der.

13.47: Det ordna seg, men på veg inn til byen igjen ser eg melding frå Jens: "Hei. Kjem du på telefonmøte?" Den var sendt 13.02, og eg forbannar meg sjølv som verkeleg heilt hadde gløymt møtet.

18.27: No sit eg på kontoret til pappa og har ordna ting for ferjekiosken. Nøkkelen er levert til Eirik, som kom i bil til festplassen, og eg har berre pakking å tenka på igjen. Kristina har kjøpt togbillett til 07.58-toget til Oslo onsdag, og eg er trøytt.. Veldig trøytt etter springing og kaving og stressing..

Heldigvis kjem Pernille til meg i morgon :)

Mamma fortalte meg forresten kva det var som hadde skjedd med bussen: ein lastebil hadde køyrt ved sidan av bussen i det eit vindkast blåste lasta av og inn i sida på bussen. To personar vart skada. Ho sa òg kva tid bussen gjekk frå busstasjonen, og me innsåg at det var den bussen eg ville ha teke viss ho ikkje hadde køyrt meg.

torsdag 7. august 2008

Med FeelGood ved vasskanten sit ei jente og pustar ut


Eg trudde eg skulle få vera i ro hjå farmor og farfar, men slik vart det ikkje. Pappa si halvsyster dukka opp med barn og barnebarn, og det vart litt av eit leven. Eg var pessimistisk til å byrja med. Dei maste og styrte sånn at eg vart heilt dårleg. Fyrste dagen enda med at eg sneik meg ned til vatnet for å trøysteeta "franske friterte" og drikka FeelGood.

(FeelGood er ein fantastisk god brus laga av berre rein fruktjus og kolsyre! Den må prøvast!)

Erlend-Brat-noko-frå-norske-talenter-seier-du?
MEN det gjekk betre, og heile turen har vore fin. Slektningane mine var greie dei. Me har ledd og kost oss, og eg har skjønt at eg bør finna meir ut om Erlend Bratland. Barnebarnet til halvtanta mi (halvtoogeinhalvmeningen min, som Vegard og David ville sagt) er ei søt 11 år gamal jente, som er klar for å gifta seg med Erlend "Norske Talent" Bratland. Hadde ho berre turt å spør han. Han er nemleg på ferie her på Husnes, og me har sett han tre gonger. Eg skjøna fort at eg var dum som berre så vitt hadde høyrt namnet hans..

Tanta mi tok bilete av han ho. Spurte han fint og han var grei han. Uheldigvis så gjorde det at toogeinhalvmeningen min sprang og gøymte seg.

I am lost, seier eg til dette og er glad for YouTube...

måndag 4. august 2008

Fri, Oddvar Torsheim og sjokoladepudding med rismjølk:
Det er fyrste fridagen min i dag. Totalt har eg fire no. Og eg gjer ingenting. Eller, eg gjer jo det. Eg skriv her, og har det eigentleg ganske fint. Ingen planar anna enn at eg skal treffa Karina i seks-tida. Eg burde sikkert ha pakka litt, men eg har ingenting å pakka i akkurat no.

Eg ser heller på programmet til Bergen Kino, det er jo ein fin ting å gjera med Karina. Kanskje eg får ho med på ein halvliter etter på òg. Det hadde vore kos :)

Eg høyrer på Oddvar Torsheim - Tur-Retur Blues. Rødbrus, kaviar og litt sumaragurk. <3 Treng eg seia meir?

Eg laga sjokoladepudding i går! Med vaniljesaus! Dei hadde det til dessert på jobben i går, og fekk heilt sjokoladepuddingmani. Stakk bort på nærbutikken og handla etter jobb. Puddingen vart god den, men eg nytta rismjølk i staden for soyamjølk, og det gjekk så som så. Eg trur det er noko i rismjølka som motverkar stiving, for uansett kor mykje eg hadde i, så var puddingen mest flytande. Same gjaldt vaniljesausen, som vart veldig vassen. Men alt var godt då!


På ferja, på veg heim frå Stavanger i forrige veke. Eg likar å reisa slik åleine. Er roleg og så lite kavete.

Handling, kortbukse og St. Paul sitt gamle tuntre:
Eg var ute og handla med Nina for nokre dagar siden. Det var faktisk kjekt, så lenge me heldt oss borte frå dei verste butikkane. Eg veit ikkje om de kjenner den kjensla av at nokre butikkar held deg under oppsyn. I blant får eg den kjensla.. Så snart eg går innanfor døra, går alarmen i butikken, og den skrik ut: du passar ikkje inn her! du passar ikkje inn her! Det er då det gjeld å koma seg ut så fort som råd er, viss ikkje vert ein fanga der inne.

Me hamna i nokre sånne butikkar, men me handla raskt og kom oss heile ut igjen, om enn litt tungpusta.

Me var på jakt etter pyjamasbukser. Det var Nina som ville ha det, så eg var med og leita, men me fann ikkje. Det eg derimot fant var ei kortbukse til 49 kroner. Nøgd med den, så eg tenkte eg skulle taka eit bilete. Her er meg iført kortbuksa og ei nynorsk-t-skjorte. Eg ligg i senga med beina oppetter veggen. Ein ser òg korset mitt som heng over senga. Eg fekk det av læraren min til konfirmasjonen. Det er laga av det gamle tuntreet til St. Paul.


Rommet mitt:
Og med det same eg var i gong, så tok eg eit bilete av veggen over senga mi, ved vindauget, det er jo trass alt ikkje så mange dagar klovnane mine får henga slik no. Mamma gler seg som ein unge til å laga gjesterom av rommet mitt. Er fint det. Ved sida av klovnane heng teikninga Nina og eg brukte seks månader på å laga i 10. klasse. Me konsentrerte oss faktisk bra i dei timane, medan me teikna og fargela. Eg er glad for resultatet. Under der igjen heng to teikningar Martin laga til meg. Hesten fekk eg til 17-årsdagen, og det andre er ein blome i eit hjarta av greiner, som eg fekk til valentinsdagen.

Eg skal innrømma her og no at eg saknar Martin. Mange av dei andre òg, men eg saknar Martin og meg frå 1. klasse.


No har det jaggu meg kome med nokre bilete òg! Tykkjer vloggen min kjem seg, eg :)

Eg var forresten på Aura med Lars på laurdag. Det var veldig kjekt. Kjem til å sakne Lars masse når eg flyttar. Han er ein bra fyr :)

Slo meg at eg må seia farvel til Aura snart. Eg må finna ein sånn kafé i Oslo, men kvar? Eg overlever ikkje utan, i alle fall, vekentleg soyamjølkkaffi.

Dette vart langt, men eg vil ikkje slutta før eg har fått med eposten som Jens sendte til LST-lista:

"2. august: Trygve Langlo skriv i Sunnmørsposten (eller sumpen): Verdt å legge merke til er det også at ein framstøyt frå Norsk Målungdom ser ut til å få eit positivt utfall. Målungdommen har sett seg lei på at utanlandske filmar utan unntak blir teksta på bokmål ved omsetjing til norsk. No har Eufora Film kome med lovnad om nynorsk omsetjing på den brasilianske Gullbjørnvinnaren Tropa de Elite. Håpet er å i aukande grad gjere nynorsk til eit bruksspråk på filmlerretet.

http://www.smp.no/article/20080802/MENINGER04/310497391

3. august: Norsk Målungdom fyller 47 år!

4. august: Vi når 1000 teljande, betalande medlemer! Godt jobba folkens, og verv gjerne fleire!

5. august: Ivar Aasen fyller 195 år! "

NYNORSK JA! NYNORSK JA! NYNORSKTEKSTING VIL ME HA! (eit av ropa våre under kinoaksjonen)

søndag 3. august 2008

Dei magnetiske felta = glad birgitta

Eg vil berre legga til at eg er i eit utruleg godt humør i dag!

Og berre for å toppa det heile, så har eg lagt ut teksten til den songen eg syng mest på for tida:

You love to fail - The Magnetic Fields

Maybe tomorrow I'll see love in your eyes and mine will dry
Maybe tomorrow we can learn how to fly on these nasty little wings

And I wanna take you out but you always refuse
'cause you only play the games that you know you can lose
You love to fail, that's all you love.

We don't know why you've been gone
Somebody said you're on the run
You're living where wild horses run
Well, hey, whatever turns you on.

And I wanna take you out but you always refuse
'cause you only play the games that you know you can lose
You love to fail, that's all you love.

I'll be your confidante
Come and go as you please
I'll honor and protect my Wagner in dungarees.

And I wanna take you out but you always refuse
'cause you only play the games that you know you can lose
You love to fail, that's all you love. (x 2)

Kort oppdatering av di eg har fått eit litt anstrengt forhold til datamaskina:

I det siste har det vore mykje arbeid og lite tid til alt anna.. Men det har eigentleg vore bra det, for alle er jo anten på ferie eller flytta. I forrige veke var eg tre dagar hjå Eva i Stavanger. Solgte mykje is for Øystein Isrosa på gladmat-festivalen i lag med Eva, Anne Guro, Eirik og Øystein sjølv.

13. august er den magiske datoen. Då flyttar eg til Oslo. Hah.. eg er spent på om eg finn fram til leilegheita aleine, eg.. Tvilar litt, men er ikkje så veldig bekymra.. Det ordnar seg nok :)

Har vore mykje med mamma i det siste, og det har vore fint. Me har vore på Krokeide og bada.

Elsk til osloburarane som eg saknar masse! Særskilt Kristina.. Er rart å vera her i Bergen utan ho.. I fjor var det ho som drog meg ut på ting, då eg var sliten og ikkje ville noko etter jobb. Heldigvis er Nina komen heim igjen no, og meg, ho og Benjamin var på kino i forgårs. Me såg Batman - The Dark Knight. Fantastisk bra film!

Skal til farmor og farfar på tysdag, og i morgon skal eg vera med Karina.

Fred ut.

måndag 14. juli 2008

Dagens nynorske høgdepunkt:

Eg såg ein nynorsk buss i dag! Den reklamerte for Hauge-Tveitt-jubileet og hadde eit stort bilete av Olav H. Hauge på eine sida. På bussen stod òg eit sitat av Hauge:

"Men det gjeng an å leva i kvardagen òg."

Det redda ein litt dårleg dag.