Me likar nynorsktagging oppi fjellet
søndag 20. juni 2010
torsdag 19. november 2009
Kjenner du til dei viktige årstala?
Eg har lese til eksamen, men no gjev eg opp. Alle årstala surrar seg saman, så no er det nok. Eg vil heller laga ei lita tevling. Kva årstal heng saman med kva hending? OBS! Eg luktar alle som prøver wikipedia, caplex, google, allkunne, snl eller andre liknande vevbaserte kunnskapssider lang veg! Sjå heller kor mykje du klarar ved å tenkja deg om :)
1. 1492 e.kr.
2. 1347 e.kr.
3. 594 f.kr.
4. 632 e.kr.
5. 1075-1122 e.kr.
6. 1339-1453 e.kr.
7. 1453 e.kr.
8. 570 e.kr.
9. 507-322/3 f.kr.
10. 800 e.kr.
a) Konstantinopel fell
b) Investiturstriden
c) Muhammed vert fødd
d) Svartedauden kjem til Europa
e) Columbus kjem til Amerika
f) Klassisk tid i Antikken
g) Solons lover
h) Karl den Store vert krona til Keisar
i) Muhammed døyr
j) Hundreårskrigen
Lukke til!
Om du har gode råd til eksamenslesing dei siste vekene før og ikkje minst til kva ein kan gjera kvelden før, vert eg takksam :)
måndag 16. november 2009
Hausttid er nynorsktid!
Det er seinhaust og eksamenstid. Fredag klokka 09.00 skal eg skriva om eldre verdshistorie i ein gymsal på Blindern. Laurdag skal eg på Nei-fest. I dag har eg vore på fyrste del av eit EU-kurs hjå Europabevegelsen, og eg kjenner meg godt skulert på EU si oppbyggjing, sjølv om eg ikkje vart for å melda Noreg inn. Det er to delar til og siste gongen vil eg få høve til å svara på ein fleirvalsprøve.
Europabevegelsen (EB) var ein fin gjeng med menneske, og sjølv om Eirik og eg var dei yngste til stades, var dei ikkje så prega av det ekskluderingsgenet eg har sett hjå andre som meiner det motsette av meg sjølv. For nokre veker sidan var t.d. Bror og eg på eit ope møte hjå Riksmålsforbundet. Her var det pels, perler og parfyme som gjaldt og i ei så stor grad at eg kjende meg særs utilpass der eg sat i lusekofte og dongeribukse. Dette var merkeleg nok ikkje tilfellet hjå EB. Kanskje kjem det av den konstante mangelen på pengar som dei hevdar dei har? På mange måtar minnar dei meg om målrørsla, ei rørsle i motgong, men som ikkje gjev opp kampen for det dei trur på. Til trass for mange desperate hjartesukk, er det desse rørslene det er kjekt å vera ein del av. EB hadde til og med sin eigen variant av Magnus Bernhardsen, om enn ikkje like sprudlande...
Her er eit tips til interessant lesing: Lisboabloggen
Nynorsk
Etter landsstyremøtet i helga har eg innsett fleire ting. Noko av det kjekkaste eg veit er å få til ting eg trur på. Slik sett elskar eg å arbeida lenge med prosjekt, så lenge eg veit at det kan gje resultat. Her kjem nynorsken inn. Det er altfor lenge sidan eg faktisk har gjort noko aktivt for nynorsken. Ved å sitja i sentralstyret i NMU gjer eg småting heile tida, men det er lenge sidan eg har gjort noko som eg har følt at kan gjera ein forskjell.
Planen min frametter er å skriva fleire lesarinnlegg (siste var med Kristina i vår etter hennar initiativ...), snakka med dei rette folka og sørgja for at nynorskklassen på gamle barneskulen min, Minde, i Bergen vert ordentleg følgt opp, gje Godnattboka til alle ungane eg kjenner i rett alder (5+), og arbeida innad i store delar av familien for å få språkmedvitne foreldre som kan lesa for og prata med språkmedvitne ungar.
Ver med å venda vinden!
Gode idear til enkle ting ein kan gjera for nynorsken tek eg mot med takk. Vonar fleire og vil vera med :)
Les meir om haustkampanjen vår her.
måndag 20. juli 2009
Ny start?
God sumar alle saman!
laurdag 14. mars 2009
Det er vår i Bergen :)
Eg sit på Aura med Bror. Skal på årsmøte i Bergen Målungdom i kveld. Er spent på om det vert eit nytt styre i det heile. Me får sjå kor mange som kjem.
Rart å vera heime igjen. Merkar at eg ikkje har heilt kontroll over kven som er her og ikkje. Verkar som nesten alle venene mine har dratt ein eller annan plass på folkehøgskule, universitet eller anna. Det gjer gatene litt tomme.
MEN: det er vår! Herleg varmt og fint. Dette er noko anna enn det snøh***ete som er i hovudstaden. Det gjer meg glad :)
måndag 2. mars 2009
laurdag 28. februar 2009
Overrasking!
Ikkje meininga å trenga inn for mykje på bloggen din med min dårlege nynorsk og min mangel på noko lurt å skriva, men eg ville at dette skulle skje ein gong.
Og.. no skjer det visstnok. Eg har ikkje vore flink med å lese det du har skrevet her.. Kjempelite flink, faksisk, slik som med så mykje anna. Men no som eg las nøye igjennom alt saman, så ser eg at eg definitivt har gått glipp av noko. Du skriver så levande ^^
jah.
Eg er i ubalanse. Mykje kjensler, mange av dem sterke. Eg veit ikkje kva eg skal gjera med dei. Nokre av dei vert utgangspunkt for dårlege val og innfall, medan andre, sjølv om dei er færre, ber meir positive og konstruktive frukter. Slik som dette innlegget! Trur eg, då.
Eg veit definitivt ikkje heilt kva eg prøver å uttrykkje her.
Kvil i fred, Andreas..
torsdag 8. januar 2009
No har eg nokre minutt til å pusta i bakken på arbeid. Eg og ein kollega hadde 11 born med oss til Tøyen i dag. Var på zoologisk museum. No høyrer eg det er kaos ute. Borna er ferdige med å eta. Eg trur eg må koma meg ut igjen.
søndag 14. desember 2008
For me tenner våre lykter når det mørknar..
Det er desember, mørk og kald. Eg kjenner det på heile meg. Ei veke igjen på arbeid før eg reiser heim for å arbeida litt der i juleferien. Tek Bror med meg nokre dagar.
Det klør i fingrane mine. Eg treng å skriva, men kvar gong eg får tid til å setja meg ned, så vert det ikkje til noko. Det er heilt blankt. Ikkje eitt ord får eg ned på papiret. I hovudet mitt dansar krokodillar med hundar, og born vert forelska og døyr, men papiret er likevel blankt. Tyst. Det talar ikkje til meg, berre er der. Det stirar.
måndag 20. oktober 2008
Ei helg med futt, men lite krutt ....?
No er Bror på målferdtur til Stord. Etter å ha fulgt han til toget halv eitt, vandra Nina og eg gatelangs i storbyen. Me prata, lukta, såg og endte med eitt opp på Mamma Mia på Saga kino. Etter filmen gjekk me i slottsparken og tok masse bilete av at me kasta lauv i lufta. '
Vakkert. Haustleg. Eit haustleg leikerom.
Me gjekk til slutt heim til IBG og åt sushi (mest eg som åt av di Nina ikkje tykte om det) og såg på High School Musical 2. Fulgte Nina til bussen litt over ni.
Resten av kvelden nytta eg til å leggja masse musikk inn på telefonen min og sjå på Ronja Røverdotter.
No skal eg heim og leggja meg. Rart å sova åleine. Heldigvis har eg musikken min.
måndag 13. oktober 2008
Lykke er...
laurdag 4. oktober 2008
Kaffi og dialekt
Ingen av dei er vel eigentleg nye, men dei har fort vorte ein stor del av livet mitt for tida. Den fyrste syng meg gjennom dagane. Folk bør vel ikkje vera overraska no når dette biletet av han kjem:


Den nye plata til Odd Nordstoga, Pilegrim, er ein musikalsk draum. Eg kjenner eg vert reint lukkeleg av å høyra på ho. Særskilt gjeld dette når eg veit at eg for alltid vil få den lukkelege kjensla når eg høyrer ho igjen. Slik er det alltid med plater som eg høyrer mykje på i gode eller dårlege periodar. Kjenslene eg har på den tida, vert lagra i musikken.
Og han andre...?
Bror og eg sit på Copa Con Oro. Han les høgt frå Målføra og nynorsken, og eg høyrer halvt etter.
Kvifor er dialektar verdifulle?
Me arbeidar med dialektkampanjen. Byrjar få ei god oversikt no, men det er framleis mykje å gjera.
Haha! No fann me sida Dialektor. Der var det mykje rart, ja. Eigentleg ei veldig dårleg side, men ho har potensiale. Synd at dei ikkje har klart å blesta ho meir. Då kunne det vorte bra med dialektprøver og anna.
Eg gler meg til mangfaldsseminaret neste helg!!
No må eg stikka og gjera meg klar til fest hjå Erik i kveld! :D
onsdag 24. september 2008
Alle mann hadde fota....
min mann hadde ingen,
tok eg meg bjørkerota
gjorde min mann fota.
Eg kom til å synga på denne songen i dag, og då tenkte eg på Anne Guro, for me sang stadig vekk på denne under sumarleiren (då meiner eg sjølvsagt NMU sin sumarleir).
Min mann dansa fram,
fot i hose hadde han
likso vel som ein annan mann.
Alle mann hadde fota.
Alle mann hadde arma',
min mann hadde ingen,
tok eg meg eit par tarma',
gjorde min mann arma'.
Slik eg ser det kan ein sjå på denne songen på to måtar:
1. Han viser korleis ein alltid kan fiksa ting, ein må berre ha litt fantasi.
Min mann dansa fram,
tarme-arma' hadde han
likso vel som ein annan mann.
Alle mann hadde arma'.
2. Han viser trongen mange menneske ha til å vera perfekte eller ha det perfekte. Hovudpersonen, som eg her vil skriva er ei kvinne, vil at mannen skal vera slik som alle menn, og når han avvikar frå normalen, gjer ho han normal.
Alle mann hadde aua,
min mann hadde ingen,
tok eg meg eit par saua',
gjorde min mann aua.
På ein måte framhevar denne songen livet som ganske enkelt. Og dette er ein barnesong... Eg er skeptisk, men likevel syng eg gladleg med på refrenget:
Min mann dansa fram,
saue-aua hadde han
likso vel som ein annan mann.
Alle mann hadde aua.
onsdag 10. september 2008
"Og eg ønskjer deg bak hav og fjell, at du får sova godt i kveld."
men eg veit framleis ikkje
om eg traff
vatnet..
fredag 29. august 2008
Bærgæn
Eg har vore heime i mindre enn tre timar, men eg er åleine, og eg saknar allereie Oslo og skrivarstova.. Eg er mildt sagt overraska over meg sjølv.
Men eg skal fylla opp dagen min!
No skriv eg Motmæletekstar og så kjem Eirik og så må eg ned på Aura <3 ein tur. Kanskje eg får han med meg på ei øl før han stikk ut med dei nye kule venene sine? Vil på Spesial ein tur, trur eg. Og så skal eg vandra gatelangs i byen min og berre vera, lukta, sjå. Slik eg likar det :)
tysdag 26. august 2008
”Eg er ein som leitar og stundom ein som finn"
Eg ser på det tome arket framfor meg. Dei fyrste orda er allereie formulert i hovudet mitt. No gjelds det berre å skriva dei ned. Å gjera dei faste, konstante. Å gjera dei til setningar som eg kan lesa igjen ein annan gong.
Me kom til Nordahl Brunsgate og kasta ein tom snusboks på vindauget til Bror. Fekk han med oss ut. Me vandra vidare og kom til VG-bygget, sette oss og prata litt med avismannen på benken. Mannen som alltid les nytt og alltid teier om det han finn ut. Me las litt på avisoppslaga. Ein av dei handla om ei dame, eg las det ikkje nøye, men eg hengte meg opp i det vesle eg fann ut. Det stod at jakta på den rette ofte kunne gjera folk blinde for mange gode forhold.
Etter å ha sagt god natt til Bror, gjekk meg og Kristina heimover og eg fekk til slutt vridd temaet over på det som ligg meg nærast hjarta for tida. Det slo meg då kor mykje ein går glipp av ved å venta på noko godt.
Korleis kan ein veta at det ein gjer, den ein har funne, osb., er rett? Viss ein sluttar sjå andre moglegheiter, kanskje? Truleg, men viss ein aldri gjer det, tyder det eigentleg at det er feil?
Jakta på det som heile tida kan vera betre, gjer at ein ikkje set pris på det ein har, eller ein er redd for at det skal forsvinna. Eg veit at eg tenkjer sånn, og det gjer meg handlingslamma.
Løysinga?
Ein må taka sjanser. Ein må hoppa, for kva gale kan eigentleg skje? Truleg treff du vatnet, og viss ikkje så klarar du deg likevel. Til slutt.
Men det er vanskeleg. Forferdeleg vanskeleg. Og korleis skal eg gjera det? Korleis gjera det minst mogleg farleg?
Eg veit ikkje.
torsdag 21. august 2008
IKEA og nynorske læremiddel
Eg gler meg til å sjå Ulrikke att :)
Elles er det tid for å kjempa for nynorske læremiddel igjen. Janne var i Førde og demonstrerte på Hafstad vidaregåande skule, den gamle skulen til kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell, i går. Sjå link til Firda her:
http://www.firda.no/nyhende/article3731325.ece
Eg har ein løyndom, men den er berre min.. I alle fall litt til.
måndag 18. august 2008
Eg er no aleine heime, trur eg, for ein veit eigentleg aldri om det luskar nokon i andre etasje eller ikkje. Er litt rart. Alle for ut til ulike ting, og eg har eigentleg ingen planar. Tenkte eg skulle byrja å finna meg arbeid i dag då.. Kan byrja leita, men vil ikkje byrja å arbeida endå.. Tenkte i alle fall at eg skulle snika meg ned på skrivarstova og arbeida litt med motmæletekstar og kanskje skriva ut litt CVar. Eg skriv betre der det skjer ting og er folk, enn her heime der det er stille.
Elles les eg meg opp på "røysterett 16"-saka. Sjå link: http://www.nrk.no/nyheter/1.6177248 og diverse andre google-treff.
Eg har kjøpt "Mengele Zoo" av Gert Nygårdshaug! Gler meg til å lesa, men vil verta ferdig med "Timbuktu" av Paul Auster fyrst.
Dette vart jo nesten litt keisamt.. jaja.. det er no det der er :)
Fred ut!
fredag 15. august 2008
Det er fint her. Eg har ein fridag og sit på nabokafeen Copa con Oro. Dei har fantastisk god espresso :)
Elles lurer eg litt på kva eg skal ta meg til. Fint med ein fridag, men litt rart òg. Var ute og handla litt mat tidlegare og fann ut kor dyrt det eigentleg er med sjampo, dusjsåpe og tannkrem. Elles har eg stort bruk for handkle, men har fått låna eit av Klaus no. Har veldig lyst på sushi og ser at det er middagstid. Problemet er at eg ikkje har råd til sushi.. eller har eg? Kan vel ikkje skada å unna seg litt godt på ein fredag...
måndag 11. august 2008
Uæææææh!
I dag har eg vore rundt i heile Bergen.. Ikkje tull eingong.. Eg skal taka dykk med på turen min. Startar då mamma fekk meg opp.
08.45: Eg ligg i senga og kjenner den varme dyna.. Ute regnar det.. høljer.. Eg vil ligga, men mamma kjem inn og seier at "no har eg stått opp eins ærend for deg, så då må du sjå til å koma deg opp òg!" Det var sant det. Ho hadde lova å køyra meg til spesialistsenteret på Straume, Sotra. Eg hadde legetime hjå lungespesialisten min.
09.05: Medan brødet mitt ristar, les eg epost og finn ut at eg skal i eit telefonmøte med mållagsfolk og truleg Bror, i høve læremiddelkampanjen, klokka 13.00. Fint, tenkjer eg og skriv at det truleg går bra.
09.37: Me køyrer heimeifrå i god Lim-stil: sju minutt seinare enn planlagt. Eg ringer Eirik, som har sendt melding, og han spør meg om eg kan henta nøkkelen hans til SiB-hybelen, av di han ikkje rekk det.
09.53: Me er nesten framme, men eg stressar litt av di me har litt dårleg tid. Eg har ikkje vore der før, og mamma har ikkje retningssans, og anar ikkje kvar det er, sjølv om ho var der to veker før.
09.54: Me ser sjukebilen, to sjukebilar, ein politibil og ein buss. Ei ulukke, og det er tydeleg at det har vore personskade. Me køyrer forbi og ser at vindaugo på bussen er knust framme og langs sida. Det ser ut som dei har eksplodert. Det er ikkje nyhende om det på radioen.
10.02: Litt sein til legetime, men det er kø. Kjem fort til. Det viser seg at eg skal ha tredemølletest: eg spring fort i seks minutt medan eg pustar inn luft på -15 grader. Eg klarar fint testen, men tetnar skikkeleg til i ettertid. Til slutt får eg medisin og legen konkluderar med at eg ikkje har vokst av meg astmaen.. D'oh.. No kidding..
11.05: Eg forlet bygget og byrjar leita etter buss, noko som ikkje er lett. Spør til slutt ei dame på eit apotek, og kjem meg inn til byen til pappa. Eg byrjar arbeida litt med ferjekiosken, men innser at eg straks må dra viss eg skal rekka ut til Fantoft og henta nøkkelen før dei stenger der.
13.47: Det ordna seg, men på veg inn til byen igjen ser eg melding frå Jens: "Hei. Kjem du på telefonmøte?" Den var sendt 13.02, og eg forbannar meg sjølv som verkeleg heilt hadde gløymt møtet.
18.27: No sit eg på kontoret til pappa og har ordna ting for ferjekiosken. Nøkkelen er levert til Eirik, som kom i bil til festplassen, og eg har berre pakking å tenka på igjen. Kristina har kjøpt togbillett til 07.58-toget til Oslo onsdag, og eg er trøytt.. Veldig trøytt etter springing og kaving og stressing..
Heldigvis kjem Pernille til meg i morgon :)
Mamma fortalte meg forresten kva det var som hadde skjedd med bussen: ein lastebil hadde køyrt ved sidan av bussen i det eit vindkast blåste lasta av og inn i sida på bussen. To personar vart skada. Ho sa òg kva tid bussen gjekk frå busstasjonen, og me innsåg at det var den bussen eg ville ha teke viss ho ikkje hadde køyrt meg.